NRK Meny
Normal

Bustadbrann i Grimstad sløkt

Bustadbrannen som starta fredag ettermiddag på Vollekjær i Grimstad er no sløkt, og naudetatane har kontroll på staden.

Brann Grimstad

Fredag ettermiddag starta det å brenne i ein bustad på Vollekjær.

Foto: Tipser

Ingen personar skal vere skadde etter at det starta å brenne i ein bustad på Vollekjær i Grimstad fredag ettermiddag.

Politiet opplyser om at brannen no er sløkt, og at det er kontroll på staden. Ei periode var området sperra då brannvesenet ikkje hadde kontroll på brannen.

Det var ei stund mykje røyk i området, og politiet oppfordra difor naboar om å halde seg innandørs.

– Vi har mannskap ute som arbeidar med slukkearbeid. Det skal vere ein person registrert på bustaden, og han er bringa ut av huset, seier brannvakt i Grimstad, Trond Helland.

Vedkomande er køyrt til sjukehuset for sjekk, men er truleg ikkje skadd.

Årsaka til brannen er førebels ikkje kjent.

Saka oppdaterast.

Brann Grimstad

Naudetatar på staden etter ein bustadbrann i Grimstad.

Foto: Tipser