NRK Meny
Normal

Bustadbrann enda i dyretragedie

Ti hundar døydde i ein brann i ei leilegheit i Mandal sentrum fredag kveld. Berre flaks hindra ein storbrann i trehusbebyggelsen i byen.

Redningsaksjon etter brann i Mandal

LIVREDNING: Brannmannskap og ambulansepersonell prøver å redde ein av hundane. Ti av elleve hundar døydde i brannen.

Foto: Ronny Blix

– Dei var bittesmå. I tillegg var det ein større hund. Alle, bortsett frå ein, var døde når vi kom inn i leilegheita, seier brannsjef i Mandal, Jon Inge Aasen til NRK.no.

Brannsjef Jon Inge Aasen

TAKKAR: Brannsjef Jon Inge Aasen er glad for at folk varsla om brannen raskt. (Arkivfoto)

Foto: Odd Rømteland / NRK

Brannvesenet fekk melding om brannen klokka 23.41 fredag kveld. Dei fekk raskt kontroll over brannen, og ingen personar vart skada.

Men eit kvalpekull inne i leilegheita kom ikkje frå hendinga med livet i behald.

– Gjorde ein kjempejobb

– Ambulansepersonellet stod for redning av hundane. Det var sett i gang livreddande arbeid. Dei gjorde ein kjempejobb, men hundane klarte seg ikkje, seier han.

Det vart etter kort tid slått fast at det ikkje var folk inne i det brennande huset.

– Huset er gjennomsøkt og det var ingen menneske i huset, opplyste operasjonsleiar i Agder politidistrikt, Frank Solås kring 40 minutt etter at brannen vart varsla.

Brannen fann stad i den tettaste trehusbebyggelsen i byen og kunne raskt ha utvikla seg til ein storbrann. No skryt brannsjefen av dei som varsla ifrå om brannen.

– Vi er utruleg avhengig av å komme tidleg og få sett i gang sløkking i dette området. Vi set veldig pris på at brannen vart varsla tidleg. Det gjorde arbeidet mykje enklare for oss, seier han.

– Kjem brannen ut av kontroll her, har vi ei vannvittig utfordring, seier brannsjefen.

Brann i Mandal

BRANN: Brannvesenet var raskt på plass og hindra ein potensiell storbrann i trehusbebyggelsen i Mandal.

Foto: Ronny Blix

Har ikkje brannvarsling

Det er ikkje eit felles brannvarslingssystem i den gamle trehusbebyggelsen i Mandal, slik det er fleire andre stader i landet. Aasen seier det er ei utfordring å få bebuarar med på å betale for dette.

Også i Kristiansand har det vore strid kring brannsikring i trehusbebyggelsen. Her måtte eigarane ut med rundt 14 000 kroner for ei felles brannvarslingssystem.

– Vi har jobba med eit prosjekt i dette strøket, men vi er langt ifrå i mål, seier han.

– Der er cirka 200 bueiningar. Å få med seg 200 til å bruke ressursar og pengar på brannsikring er ikkje enkelt. Nokon har stor interesse for å bevare området. Andre har ikkje. Det er ei stor utfordring, erkjenner brannsjefen.

Årsaka til brannen er førebels ikkje kjend.