NRK Meny
Normal

Bussjåfør låste inne elevar

Foreldre til elevar ved Fjære skole i Grimstad vurderer å melde ein bussjåfør til politiet. Årsaka er at han parkerte bussen og låste inne 12 elevar i bussen.

Episoden fann stad onsdag ettermiddag, skriv Agderposten.

Bussjåføren skal ha blitt irritert og parkerte bussen i eit vegkryss og låste dørene.

Ifølgje avisa skal ein av dei 12 elevane i bussen ha fått panikk og ein elev skal ha besvimt.

Teke ut av teneste

Til slutt skal ein av elevane ha klart å opne ei av dørene med ein naudknapp.

– Vi har uttrykt stor misnøye overfor leiinga i Nettbuss når det gjeld denne hendinga. Eg forstår at ein sjåfør kan bli irritert, men i dette tilfellet blir eg, i likheit med dei førestette bestyrta av å høyre kva som har skjedd, seier rektor Erik Aalvik Evensen ved Fjære skole til avisa.

Nettbuss Sør opplyser at sjåføren er teke ut av teneste inntil vidare.

Rektoren seier også at han har teke imot ein førebels beklagelse frå leiinga. Busselskapet har no sett i gang undersøkingar for å finne ut kva som har skjedd.

– Uakseptabelt

Nettbuss Sør undersøker no kva som har skjedd.

– Vi ynskjer først og fremst å beklage episoden på vegne av Nettbuss Sør, seier regiondirektør i busselskapet, Ole Martin Roland til NRK.

– Vi held no på å hente inn informasjon både frå avdelinga i Aust-Agder og frå sjåføren. På generelt grunnlag med bakgrunn i opplysningane vi har fått frå skulen er ei slik handling uakseptabel for oss som busselskap, seier Roland.