Buklanding skuldast brann

Brann i den elektriske motoren som opererer understellet på flyet gjorde at flyet buklanda.

Nødlanding

Ingen personar vart skada då flyet tok bakken med buken på Kristiansand lufthavn Kjevik.

Foto: Per Ole Lindhjem / NRK

Det har Statens havarikommisjon for transport konkludert med i sin rapport.

Fire personar sleppte unna skader etter at at flyet buklanda på Kristiansand lufthavn Kjevik.

Flyet var eit seks-seters to-motors propellfly av typen Beechcraft.

Episoden fann stad 11. januar 2008. Før landinga vart det sendt ut melding om at flyet måtte naudlande.

Ifølgje havarikommisjonen vart besetninga på flyet oppmerksam på røyklukt før landing. Difor vart all straum slått av for å hindre brann.

Kort tid etter at flyet trefte rullebana gav hjula etter og flyet sklei på buken. Vitne fortalde til NRK at han såg eit gneistregn då flyet tok bakken.

Flyet vart påført store skader på buken og var ikkje flygbart etter hendinga.