Hopp til innhold

Budapest-fest på heimebane

Vipers Kristiansand får ingen supporterar på tribunen når dei spelar om meisterligafinale i Budapest. Men fansen er kreative og lagar sin eigen handballfest.

– Når vi ikkje kan reise til Budapest, då tek vi Budapest heim i stova, seier Vipers-supporter Olav Gjertviksten.

Heime i Mandal har han «kledd» stova i rosa, som er draktfargen til Vipers.

Flagg, skjerf, drakter, tromme og rosa bordkort.

– Vi får vener på besøk og det kjem til å bli god stemning, seier han.

Glad for støtta

Laurdag spelar Vipers Kristiansand semifinale mot CSKA Budapest i meisterligaen i handball. Vipers er i mange sine auge favoritt til å ta seg til finalen.

Det blir 5000 tilskodarar på finalearenaen i Budapest, men ingen i rosa.

– Eg tykkjer det er gøy å høyre at det er stas og at dei heiar på oss heime. Vi tek med oss alt vi kan, og vi veit at det er mykje støtte heime, seier Vipers-keeper Katrine Lunde.

oxdpOJScv28
For to år sidan reiste kring 250 Vipers-supporterar til Budapest.
zSIbzx4QywM
Dei fekk sjå laget sitt ta bronsemedalje i Europas gjævaste selskap.
bj9lgyyloPw
Olav var sjølvsagt på plass.

Denne gangen drøymer han og resten av fansen om å klatre heilt til topps.

– Sjølvsagt. Eg drøymer alltid om gull, seier Gjertviksten, som vedgår at det er tungt å sjå at koronaen stoppar turen til Budapest.

– Det er berre trist. Det er den største nedturen i heile korona. Men vi må gjere det beste ut av det, smiler han.

Arntzen på gulljakt: – Hiv og hoi

Det er optimisme også i Vipers-leiren før laurdagens semifinale.

Sjå berre på Vipers-stjerna Emilie Hegh Arntzen på Kjevik før laget gjekk på flyet til Ungarn:

Trenar Ole Gustav Gjekstad meiner han har eit betre lag no enn for to år sidan. Då vart det stortap mot Györ i semifinalen.

Samstundes peikar han på ein ting han meiner laget må handtere betre denne gangen.

– Vi såg ganske skremde ut då vi kom på bana i semifinalen sist. Det skal vi ikkje gjere no. Vi må gå ut på bana med nasen i været og brystkassa fram. Vi skal ikkje stå med hua i handa i alle fall, seier han.