NRK Meny
Normal

Brukte hjullås for første gang

For første gong i Norge tok Statens vegvesen i bruk hjullås då dei stoppa vogntog på E39 og E18 på Sørlandet fredag.

Hjullås

Hjullåsen gjer at vogntoget ikkje klarer å komme seg vidare.

Foto: Geir Ingar Egeland/NRK

– Det var som eit jubileum dette, seier Terje Bekker i Statens vegvesen til NRK.

80 vogntog vart tidlegare på dagen nekta å køyre vidare fordi dei var for dårleg skodd for norske vintervegar. For å hindre at førarane skulle stikke av tok dei i bruk hjullåsen.

Nekta å stoppe

– Vi brukar same heimel som når vi held dei att. No kan vi sørge for at dei ikkje forsvinn, seier Bekker.

Hjullås hindra likevel ikkje at nokon av vogntoga stakk av.

– Vi har hatt nokre tilfelle i dag der førar har nekta å stoppe i kontroll. Då gir vi beskjed til politiet, seier Bekker.

Bruk av hjullås er eit pilotprosjekt på Sørlandet. Bekker trur at dette vil bli teke i bruk andre stader i landet etter kvart.

– Vår erfaring så langt er at det kan vere eit nyttig verktøy, så eg reknar med at vi kjem til å bruke dette framover, seier han.

Fekk køyre vidare

Ifølgje Statens vegvesen er hjullås vanleg i fleire europeiske land. Til dømes i parkeringsanlegg der føraren ikkje har betalt avgift.

– På denne måten er ein sikra at føraren gjer opp for seg, seier han.

I ettermiddag byrja vegvesenet å sleppe vogntog dei har halde. Nesten alle vogntoga som vart ilagt køyrenekt i Kristiansand har no fått køyre vidare.

– I Aust-Agder er det framleis vanskelege køyreforhold på E18, så vi har ikkje sleppt alle der, seier han.