Hopp til innhold

Britney Spears sin eksmann dømd til fengsel etter bryllaupsstorming

Popstjerna Britney Spears sin eksmann, Jason Alexander (40), er dømd til 128 dagar vilkårsbunde fengsel etter storminga av superstjerna sitt bryllaup, skriv TMZ.

Under bryllaupet til Spears (40) og hennar nåverande ektemann Sam Asghari (28) brøyt Alexander seg inn på eigedommen og forstyrra bryllaupet, medan han filma direkte på Instagram. Eksmannen var væpna med kniv, men blei stoppa av sikkerheitsvakter.

Alexander var sikta for fire lovbrot, men blei dømd for to av dei.

Han har allereie sona 64 dagar av de 128, men har fått besøksforbod og må halda seg unna Spears fram til 11. august 2023.

Alexander og Spears var barndomskjærastar før dei hadde eit 55 timars ekteskap i 2004. Dei gifta seg i Las Vegas og var gift på tredje døgnet då ekteskapet blei annullert.