– Det ser veldig bra ut. Eg trur aldri eg har hatt så fin åker som i år, seier Vintland til NRK.no.
– Vi har gode naturgitte forhold med mildt klima, godt med fuktigheit og høg gjennomsnittstemeratur, seier han.
Han reknar med at det blir bringebærplukking dei neste fem vekene. Men det er langt ifrå berre desse vekene bringebærplantane krev arbeid.
– Det er ein plante som krev mykje stell. Den greier seg ikkje sjølv. Den må beskjærast, gjødslast og vatnast. Den må passast på. Så det er ikkje så veldig mange som driv med bringebær. Det har vel kanskje noko med at det er veldig arbeidskrevjande, seier han.
Trass i mykje nedbør har bringebæra klart seg godt.
– Bæra toler det veldig godt. Dei heng oppe og tørkar raskt opp igjen, seier han.
– Bæra er mellom 7 og 10 gram. Det er veldig store bær. Eg håpar på ein god sesong, men det er jo slikt vi aldri veit før sesongen er over, seier han.
Bringebæra ser flotte ut i Lyngdal.
Foto: Mari-Ann Albrektsen/NRK