NRK Meny
Normal

Bransjen fortvilar over frisør på hjul

Campingvognfrisørar utfordrar den etablerte bransjen med lågare kostnader og dermed lågare prisar. No ber Frisørlauget styresmaktene om å sjå på reglane.

Nye frisører som opererer i campingvog utfordrer den etablerte bransjen med lavere kostnader, og dermed lavere priser.

VIDEO: Frisørvogna slepp unna med lågare kostnader enn frisørar med eigne lokale i bygningar.

Sonja Bjerland

OPTIMIST: Sonja Bjerland vil utvide med fleire vogner over heile landet.

Foto: Kai Stokkeland/NRK

Eva Katrine Moi

KRITISK: Eva Katrine Moi i Frisørlauget er skeptisk til den nye frisørvarianten.

Foto: Kai Stokkeland/NRK
– Eg hadde eit år pause som frisør, men ville byrje att. Så ville eg ikkje ha eit fast lokale. Så fann vi ut at ei arbeidsbrakke måtte vere greit, seier Sonja Bjerland til NRK.no.

Saman med Leif Arne Bjerland driv ho frisørsalong i to arbeidsbrakker på hjul. Desse er plassert strategisk rundt Kristiansand.

Låge kostnader

– Det er jo kjempegreit at det kjem ein frisør her på Øvrebø. Den ligg jo veldig greit til og er billeg, seier Andreas Petersen som sit i frisørstolen.

Frisøren opererer med mykje lågare prisar enn vanlege frisørar. Årsaka er lågare kostnader.

Vogna er sitt eige reklameskilt, ventliasjonssystemet er mindre og enklare og vassløpet går rett ut i leidningsnettet, og alle løyver er i orden.

Men den noko utradisjonelle måten å drive frisør på møter motstand.

– Eg tykkjer det er merkeleg at dei får det godkjent. Å få ventilasjonsanlegg i ei campingvogn er ikkje lett, seier formann i Frisørlauget i Kristiansand, Eva Katrine Moi.

– Men det er opp til styresmaktene å avgjere om ting er gjort på riktig måte. Det er ikkje min jobb, seier Moi.

Strenge krav

Dersom Sonja Bjerland skulle ha starta salong i ein bygning måtte ho ha fulgt nye byggtekniske spesifikasjonar om brannsløkkjing, rømningsvegar, toalettstorleik, garderobar for begge kjønn og ventilasjon.

Dette slepp Bjerland fordi reglane er frå 2010 og ikkje gjeld for arbeidsbrakker på hjul. Difor treng ho heller ikkje inngang for rørslehemma og ho kan ha enklare brannsikring enn om frisørsalongen låg i ein bygning.

– Det blir i mine auge feil at lova ikkje er lik for alle. Det fører til konkurransevridning, seier Moi i frisørlauget.

– Det gjer det vanskelegare og dyrare for dei som driv i lokale og som må gjere tilpasningar i forhold til lova, i motsetning til dei som kan drive på andre måtar, seier ho.

Vil ha like lover

Moi vil no ta saka vidare.

– Vi jobbar via bransjeforbundet for å påverke styresmaktene til å gjere tiltak slik at det blir likt for alle, seier ho.

Men Sonja Bjerland vil utvide med fleire vogner.

– Eg håpar vi kan få fleire vogner rundt om i heile landet. Det hadde vore veldig gøy, seier ho.

eg håopar vi kan få fleir vogner rundt om i heile landet. det hadde vore veldig gøy.