Ingen personar vart skadde.
– Dei tilsette er evakuert, sa administrerande direktør Odd Terje Døvik til NRK.
Dei tilsette vart samla i ein nærliggande vaskehall for å unngå å puste inn røyk.
Døvik sa at bedrifta har rutinar for sløkke brannen, som oppstod i ein bunker som skal sortere søppel, men at dei no fekk hjelp av brannvesenet.
Det skal ikkje ha vore fare for at brannen skulle spreie seg.
Det er plass til 10000m3 søppel i bunkeren.
Anlegget er stoppa, og vil ifølgje leiaren ikkje starte opp igjen før i tidlegast tysdag.