– Alle er ute av hytta, seier operasjonsleiar Kristian Ekra i Agder politidistrikt til NRK.
Ein brannbåt har drive sløkkingsarbeid på staden, og det er ikkje lenger spreiingsfare, opplyser politiet rundt klokka 12.
Fleire naboar vart evakuerte.
– Brannen skal ha starta i eit uthus og utvikla seg til å begynne å brenne i hytta. Det er dårleg med vegar i området, så det har vore utfordringar i samband med sløkking, seier Ekra.
Litt før klokka 13 seier politiet at hytta er heilt nedbrent. Dei opprettar sak på brannen.
Brannvesenet er fortsatt på staden og driv ettersløkking.