Hopp til innhold

Bomma på Ibsens fødeby

Byremo ungdomsskole var først ut i Klassequizen på Sørlandet. Elevane sikra skulen 6 av 12 moglege poeng.

Det var Marcus Hobbesland, Kathrine Flottorp og Tore Vrålstad som representerte 10. klassingane frå Byremo.

Ungdomsskuleelevane fekk ein knallstart på Klassequizen. I første kategori måtte dei opp i kategorien «Grønt».

Visste namnet på partileiar

Her fekk dei blant anna spørsmål om kven som er partileiar i Senterpartiet. Byremo-elevane svarte Liv Signe Navarsete, som sjølvsagt er riktig. I første spørsmålsrunde scora elevane 3 av 4 poeng.

I den andre kategorien trekte Byremo ungdomsskole kategorien «Forfattarar». 10. klassingane fekk blant anna spørsmål om kva by Henrik Ibsen er fødd i.

Her svarte elvane Kristiansand, noko som er feil. Riktig svar er Skien i Telemark. Dermed vart det 2 av 4 moglege poeng i kategori 2.

Bomma i siste runde

I den tredje og siste kategorien trekte elvane «Barn» som tema. Byremo-elevane vart mellom anna spurt om namnet på filmen som handlar om barnevandrarane på Sørlandet. Her svarte dei riktig, nemleg «Johan Barnevandrer». Totalt vart det 1 av fire moglege poeng i den siste kategorien.

Det betyr at Byremo ungdomsskole sikra seg 6 av 12 moglege poeng i opninga av Klassequizen 2012/2013.

Klassequizen er ein landsomfattande konkurranse der kvart fylke har sine innleiande runder. Dei beste laga frå dei innleiande rundene går vidare til lokale finalar.

Til slutt møtest dei lokale vinnarane i nasjonal finale på TV i mai 2013.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Feiret Eid med bønn og kake i Kristiansand 01:53
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 23 1,52 kr
Dyrest kl. 07 2,82 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %