Mads Petter Danielsen, Sara Sofie Tallaksen og Eirik Reithaug representerte skulen frå Mandal.
Bomma på Drogba
I første kategori, som var «Blå» sikra laget seg 3 av 4 moglege poeng. Men dei bomma på spørsmål om kva Chelsea-spelar som scora det avgjerande målet i fjorårets Meisterligafinale. Laget prøvde seg på Fernando Torres, men riktig svar er Didier Drogba.
I den andre kategorien trekte trioen «Afrika». Her vart dei mellom anna spurt om kva land av Egypt, Nigeria og Sør-Afrika som har flest innbyggjarar. Blomdalen-elevane svara Sør-Afrika, men riktig svar er Nigeria.
«Full fart»
I den tredje og siste kategorien var tema «Futt og fart». Her var det til saman 3 av 4 moglege poeng.
Dei vart mellom anna spurt om kva land bilmerket Ferrari kjem ifrå. Her svara dei Italia, som er heilt riktig.
Dermed enda dei altså på 8 poeng av 12 moglege i innleiande runde i Klassequizen.