Hopp til innhold

Bodø knuste ØIF Arendal

Handballklubben ØIF Arendal fekk ein dårleg start på sluttspelet. Arendalittane reiser heim frå Bodø med stortap i bagasjen.

ØIF Arendal

Eirik Heia Pedersen og ØIF Arendal fekk det knalltøft mot Bodø og tapte til slutt 21–33.

Foto: NRK Sorlandet / NRK

Eliteserieklubben tapte nemleg heile 21–33 i den første sluttspelkampen.

– Vi vart regelrett slått av eit mykje betre handballag, seier sportsleg leiar Per Carsten Michelsen til NRK.

Sørlendingane kom skeivt ut allereie frå start i Bodø spektrum og låg under med seks mål før ti minutt var gått.

– Vi har mange skader og sleit med å komponere eit lag. men vi hadde venta og ønskt oss betre enn dette, seier Michelsen.

Allereie søndag møter ØIF Bækkelaget heime i Sør Amfi. Då ventar han at laget tek seg saman og reiser seg etter stortapet.

Han understrekar også at laget framleis har gode moglegheiter til å ta seg vidare til semifinale i sluttspelet.

– I fjor tapte vi dei to første kampane i gruppespelet og klarte likevel å gå vidare. Då nådde vi også finalen til slutt. Her er det ingenting som er køyrt. Eg trur vi kan reise kjerringa allereie mot Bækkelaget til helga, seier han.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,62 kr
Dyrest kl. 08 2,15 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %