NRK Meny
Normal

Vert sende ut av landet i dag: – Faren førebur seg på å bli drepen

Familien Hekmatara i Farsund skal sendast ut av landet onsdag ettermiddag. Familien har konvertert frå islam til kristendom. No førebur faren i familien seg på å bli drepen i heimlandet Iran dersom dei blir med flyet klokka 13.

Amin med dattera Negin og kona Zhara

Negir, Amin Hekmatara og Zahra Goodarzi og sonen skal etter planen sendast ut av Norge onsdag.

Foto: Lars Eie / NRK

– Han seier at han er budd på å gå i døden. Det er veldig tøft å høyre noko slikt, men han er innforstått med at det kan skje, seier pastor i pinsekyrkjelyden, Jan Hoholm til NRK.

Familien har ikkje hatt moglegheit til å kommunisere med omverda fordi dei er fråteken telefon. NRK har difor ikkje komme i kontakt med dei.

Årsaka til at faren fryktar for livet er at den iranske familien har konvertert frå islam til kristendom. Dei har også vore særs aktive i det kristne miljøet i Farsund.

Registrert som samfunnsfiendtleg

– For dei er det ikkje berre skifte av tru, men dei har ei indre oppleving av det dei trur på, seier han.

– Dei har hatt eit brennande engasjement og har drive aktivt med evangelisering. Slike vert behandla som samfunnsfientlege og står i stor fare for å bli fengsla og det som verre er, seier Hoholm.

Ifølgje pastoren har faren vore aktiv gjennom evangelisering også på nettet i Iran, heilt til han vart stoppa.

– Han er registrert som ein fare for samfunnet i Iran, seier Hoholm.

Familien sit no på Gardermoen og ventar på flyet som skal ta dei til Iran klokka 13.

Jon Hoholm og iransk familie

Jon Hoholm har engasjert seg sterkt for den iranske familien.

Foto: Lars Eie

– Trudde ikkje dette ville skje

– Eg veit ikkje kvifor det vart slik. Vi hadde ei avtale med advokaten vår onsdag i neste veke og trudde difor noko slikt som dette ikkje ville skje no, seier Zhara Goodarzi til Lister24 som snakka med familien tidlegare i dag.

I Farsund jobbar støttespelarane intenst for å få UNE til å snu i saka.

– Vi har jobba i natt og jobbar intenst gjennom politikarar og advokat. Vi har snakka med UNE som er villige til å sjå på saka ein gang til dersom vi kan bevise at det er saksbehandlingsfeil, seier Hoholm.

NRK har tidlegare skrive om den iranske familien som har fått avslag på asylsøknaden sin.

Dei har budd i Farsund sidan 2009. 13 år gamle Negin Hekmatara sa til NRK i november at ho var redd for å bli send tilbake til Iran.

– Barna gret

– Eg er redd for å sove og eg er redd for at eg plutseleg ikkje skal på skulen neste dag og at eg plutseleg må reise tilbake. Det høyrest ikkje så greitt ut, sa Negin.

Familien gav allereie i november uttrykk for at dei frykta for liva sine dersom dei vert sende tilbake til Iran.

Hoholm hadde ein kort telefonsamtale med familien i dag tidleg. Ifølgje han er familien særs opprørt over situasjonen.

– Dei har det forferdeleg no. Barna er frustrerte og gret. Alle må forstå at dette er ein forferdeleg situasjon, seier han.