NRK Meny
Normal

Birkeland nummer fire i e-cupen

Lars Helge Birkeland fekk ikkje gå verdscupen i Oberhof denne helga. Sørlendingen beit derimot brukbart ifrå seg i Europacupen i estiske Otepää.

Lars Helge Birkeland

Lars Helge Birkeland frå Birkenes leverte gode løp i Estland i helga.

Foto: NRK

På laurdagens normaldistanse leverte sørlendingen ein brukbar søknad til å få gå verdscup att seinare denne sesongen.

Birkenes-løparen gjekk inn til ein 4. plass, trass i at han måtte tole fire ekstraminutt etter bom på standplass.

Han vart med det beste nordmann på distansen. Birkeland var over eit og eit halvt minutt bak den russiske vinnaren Victor Vasilyev.

Søndag gjekk det litt tråare for Birkeland. På sprinten enda han på ein 9. plass, og måtte mellom anna sjå seg slegen av fire andre nordmenn. Birkeland skaut ein bom på distansen.

Birkeland var 52 sekund bak svenske Magnus Jonsson som gjekk til topps i Otepää.

Resultat normaldistansen:
1. Victor Vasilyev (RUS) 0,0
2. Timofey Lapshin (RUS) +52,8
3. Tomas Holubec (CZE) +55,4
4. Lars Helge Birkeland (NOR) +1.36,9
5. Vetle Sjåstad Christiansen (NOR) +1.51,5
6. Tobias Hermann (GER) +2.09,0
7. Daniel Bøhm (GER) +2.20,7
8. Antonin Guigonnat (FRA) +2.43,3
9. Alexander Os (NOR) +2.59,6
10. Christoph Stephan (GER) +3.20,3

Resultatliste sprint:
1. Magnus Jonsson (SWE) 0,0
2. Johannes Thingnes Bø (NOR) +10,2
3. Daniel Mesotitsch (AUT) +24,5
4. Victor Vasilyev (RUS) +31,3
5. Sergey Klyachin (RUS) +35,3
6. Roland Lessing (EST) +38,7
7. Vetle Sjåstad Christiansen (NOR) +39,0
8. Alexander Os (NOR) +43,3
9. Lars Helge Birkeland (NOR) +52,0
10. Ivan Tcherezov (RUS) +56,2