Birkeland var 3.56,9 bak Martin Fourcade frå Frankrike som vann distansen i Holmenkollen.
Sørlendingen skaut to bom og pådrog seg dermed to ekstraminutt. Birkeland vart likevel nest beste nordmann på ein svak norsk dag.
Johannes Thingnes Bø vart beste nordmann på ein 6. plass. Han var nesten to minutt bak den franske vinnaren.
Verken Emil Hegle Svendsen, Ole Einar Bjørndalen eller Tarjei Bø stilte til start.
Det gjekk ikkje særleg bra for Marte Olsbu frå Froland på kvinnenes 15 kilometer. Olsbu vart nummer 51. plass, nesten åtte minutt bak Kaisa Makarainen frå Finland som vann.
Olsbu vart tredje beste nordmann på ein dag der også dei norske kvinnene skuffa stort.
Elise Ringen vart beste norske på 22. plass.