Hopp til innhold

Birkeland gjorde som kjærasten

Fredag tok Fanny Welle-Strand Horn sin første verdscupsiger i skiskyting. Laurdag følgde kjærasten Lars Helge Birkeland frå Birkenes opp med siger i IBU-cupen.

Lars Helge Birkeland

Lars Helge Birkeland vann jaktstarten i IBU-cupen.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

– Det var utruleg kult å sjå Fanny i går. Det viser at det er mogleg å kjempe i toppen på ein maksdag, seier Birkeland til NRK.

Laurdag gjekk Birkeland inn til siger på jaktstarten i IBU-cupen i Ridnaun-Val Ridanna i Italia. IBU-cupen er nivået under verdscupen der dei beste skiskyttarane i verda konkurrerer.

Solid skyting

Birkeland gjekk ut 13 sekund bak russiske Alexey Slepov. Men feilfri skyting gjorde at sørlendingen gjekk i mål nesten halvminuttet føre Slepov.

– Det var god skyting med 20 treff. Eg har slite litt med skytinga i det siste. Elles var det tungt i sporet med veldig kraftig snøvêr. Det var eit jobbeløp, men eg klarte å gå jamnt og trutt, seier han.

Fanny Welle-Strand Horn

Fanny Welle-Strand Horn tok sin første verdscupsiger fredag.

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

Kanskje var det kjærasten sin første siger i verdscupen som inspirerte.

Mange vart overraska då Fanny Welle-Strand Horn slo verdseliten og tok sin første verdscupsiger på sprinten fredag - inkludert Lars Helge Birkeland.

Overraska over kjærasten

– Det var overraskande at ho vann. Eg trudde ho kunne kjempe om ein pallplass på ein maksdag. Men at ho skulle vinne hadde eg ikkje trudd, seier han.

– Kva var det første ho sa til deg når du snakka med ho på telefon etter løpet?

– Ho spurte korleis det hadde gått med meg, ler han.

Sigeren betyr truleg at Birkeland igjen kan vere aktuell for verdscupen.

– Eg har ikkje høyrt noko. Dei som går verdscup gjer det veldig bra, så det er ikkje sikkert eg kjem meg inn igjen med det første, seier han.

Trur på suksess

Kjærasten vinnarløp laurdag gjer at også han sjølv trur på topplassering i verdscupen om han får sjansen.

– Eg ser at det er mogleg når Fanny klarte det. Det er det som er målet ein dag, å stå på toppen i det gjevaste selskapet, seier Birkeland.

Birkeland står så langt med ein 2. plass på sprinten, og altså 1. plass på jaktstart i IBU-cupen denne helga. Søndag går sørlendingen mixstafett.

Komm.: Andreas Stabrun Smith og Ola Lunde.
null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,31 kr
Dyrest kl. 08 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,9 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %