Bilførar stakk av etter ulykke

Ein person er pågripen etter ei trafikkulykke på E39 i Lyngdal. Bilføraren stakk frå ulykkesstaden etter å ha vore involvert i ein frontkollisjon søndag kveld.

Laster kart, vennligst vent...

Ulykke skjedde på E39 ved Åtlandstunnelen ved 18.40-tida søndag kveld.

To bilar var involvert, men den eine stakk frå ulykkesstaden. Bilen vart funne like ved ulykkesstaden etter kort tid utan føraren i.

Dermed sette politiet i gang søk med ei hundepatrulje.

Like over klokka 21 melde politiet om at dei hadde funne personen, som vart send til sjukehus for sjekk.

Føraren i den andre bilen vart sendt til sjukehus etter ulykka. Tilstanden er førebels ikkje kjent.

E39 var stengd i ein kort periode etter ulykka.

NRK oppdaterer saka.