NRK Meny
Normal

Bilførar stakk av etter ulykke

Ein bilførar stakk frå ulykkesstaden etter at han hadde køyrt i grøfta ved Lindstøl i Risør. No er han mistenkt for promillekøyring.

Trafikkulykke i Risør

Ulykka skjedde på fylkesveg 416 ved Lindstøl i Risør.

Foto: Thorvald Knudsen

Ulykka skjedde på fylkesveg 416 like før klokka 13 torsdag ettermiddag.

Då politi og ambulanse kom til staden var det ingen personar i bilen.

Seinare fekk politiet telefon frå ein annan bilist som hadde plukka opp ein mann som gjekk langs vegen.

– Bilisten sette mannen i samband med ulykka og melde ifrå. Etterkvart pågreip vi han, seier operasjonsleiar Magne Storaker til NRK.

Mannen er no send til legevakta for blodprøve. Politiet har mistanke om at mannen køyrde bil i ruspåverka tilstand.

– I tillegg gjenstår det vitneavhøyr og undersøkingar for å sikre at det er mannen som køyrde bilen, seier Storaker.

– Deretter går saka vidare til etterforsking, seier han.