NRK Meny
Normal

Bilen var nedlessa av øl

Ein polsk sjåfør vart fredag føremiddag stoppa av tollarar på E18 i Arendal. Tollarane reagerte på at kassebilen var tydeleg nedlessa.

Tollbeslag i Kristiansand
Foto: Tor Saltrøe/NRK

Helge Breilid, Tollvesenet
Foto: Elisabeth Sandve/NRK

Inne i bilen vart det funne 66 liter brennevin, i underkant av 700 liter øl og 8000 sigarettar.

– Vi hadde ein kontroll då det kom ein polskregistrert varebil som såg ut til å vere kraftig lasta. Vi valde å stoppe den. Det viste seg å vere veldig mykje øl i denne bilen, seier Helge Breilid i Tollvesenet til NRK.no.

Den polske mannen er no sett i varetekt i Arendal og er overlete til politiet. Ifølgje Breilid føregjekk pågripinga utan dramatikk. over innhaldet i bilen.

Dette er eitt av fleire store beslag i løpet av få månader på Sørlandet.

Også i dei fleire av dei andre beslaga var det polske menn som stod bak.

Tollbeslag på Sørlandet

BESLAG: Bilen var stappfull av øl.

Foto: Elisabeth Sandve/NRK