Beste sesongstart nokosinne for ØIF

ØIF Arendal har aldri stått med ti poeng etter dei seks første serierundane i eliteserien tidlegare.

Beste sesongstart for ØIF Arendal

Aldri tidlegare har ØIF Arendal hatt så mange poeng etter seks serierundar som dei har denne sesongen.

Foto: Grafikk: Sander Heggheim/NRK
Marinko Kurtovic, ØIF Arendal

Trenar Marinko Kurtovic.

Foto: Liv Eva Welhaven Løchen/NRK
Svenn Erik Medhus, ØIF Arendal

Svenn Erik Medhus har vore ein av ØIFs viktigaste spelarar så langt.

Foto: Liv Eva Welhaven Løchen/NRK

Etter søndagens siger mot Nøtterøy tok ØIF Arendal sin femte strake siger i eliteserien.

Samstundes ligg dei på andreplass på tabellen, med lik poengsum som Elverum og Bodø.

– Det er hyggjeleg. Det fortener gutane. Dei står på kvar einaste økt og held fullt fokus på det dei held på med og dei får det ut på parketten, seier trenar Marinko Kurtovic til NRK.

Sportsleg leiar: – Imponerande

Arendalittane har ikkje tapt ein seriekamp sidan 10. september då Bodø vart for sterke i Nord-Norge.

Etter dette har dei altså slått kraftig tilbake.

– Det er imponerande. Eg er veldig imponert, seier sportsleg leiar Per Carsten Michelsen om den gode starten på årets sesong.

Innimellom seriekampane har dei også slått regjerande cupmeister Fyllingen ut av cupen.

– Vi sette oss tøffe målsetningar før sesongen, og vi klarer å stå for dei. Vi har ikkje tapt heime og vi har vunne mange på rad. Mot Nøtterøy hadde vi mange spelarar ute, men klarer likevel å dra i land ein siger. Det imponerer meg at vi har såpass mange som kjem inn og gjer ein god jobb, seier Michelsen.

Trener Kurtovic er glad for å ligge på tabelltoppen etter seier mot Nøtterøy og håper det holder seg slik.

Sjå intervju med Marinko Kurtovic.

Frå fiasko til suksess

Kontrastane er enorme frå fjorårssesongen då laget gjekk gjennom sin verste periode i eliteserien så langt. Klubben tapte sju kampar på rad frå 18. september til 27. november.

ØIF Arendal

ØIF-spelarane jublar etter sigeren mot Nøtterøy.

Foto: Liv Eva Welhaven Løchen/NRK
Andre Jørgensen Hofstøl, ØIF Arendal

Andre Jørgensen Hofstøl og Kenny Ekman.

Foto: Liv Eva Welhaven Løchen/NRK

– Alle ha slite med fjorårssesongen. Den var tøff. Men vi har trent godt i sommar og har komme sterkt tilbake, seier Kenny Ekman.

– Det er som natt og dag. Eg trur vi vart vanvitig mykje sterkare som lag etter det som skjedde i fjor. Det ser vi resultatet av no, seier keeper Svenn Erik Medhus.

God Medhus

Medhus har vore sentral i oppturen for sørlendingane. Keeperen er tilbake i godt gammalt slag, og er nok på lista til landslagssjef Christian Berge over spelarar som er aktuelle for landslaget.

Medhus har også fått god hjelp av eit særs solid ØIF-forsvar. I tillegg har Kurtovic klart å «nullstille» spelarane før kvar einaste kamp.

– Eg trugar dei, fleipar Kurtovic.

– Skal vi bli best må vi nullstille oss etter kvar kamp. Det tykkjer eg spelarane er utruleg flinke til, seier trenaren.

Går for topp fire og cupfinale

Klubben har som mål å bli blant dei fire beste i eliteserien denne sesongen. I tillegg har dei sett som mål å komme til cupfinalen i Oslo Spektrum i desember.

– Spør meg når sesongen er slutt. Ikkje i dag, svarar ein smilande Kurtovic på spørsmål om kvar sesongen endar.

Førstkommande onsdag spelar ØIF Arendal kvartfinale i cupen borte mot Lillestrøm. Neste helg ventar Haslum på bortebane i Nadderudhallen.

Per Carsten Michelsen er positiv etter seier mot Nøtterøy.

Sjå intervju med sportsleg leiar Per Carsten Michelsen.