NRK Meny
Normal

Berre sju av 31 fotballtoppar er kvinner

Berre sju av 31 representantar i styra i toppfotballklubbane på Sørlandet er kvinner. – Slik er livet, seier styreleiaren i Jerv.

Styresammensetning Jerv, Arendal, Start og Amazon Grimstad

Oversikta viser kor mange kvinner og menn som sit i styra i Jerv, Start, Arendal og Amazon Grimstad. Kvinner er merka med raudt. (Red. anm. Start har tre kvinner, ikkje to).

Foto: Scanpix/NRK

– Umiddelbart tykkjer eg det er for få kvinner. I vårt eige styre i Norges Fotballforbund har vi hatt veldig fokus på å sikre god representasjon frå begge kjønn. Med det som bakteppe tykkjer eg det er lite, seier Nils Fisketjønn som konkurransedirektør i Norges Fotballforbund.

nils fisketjønn

Nils Fisketjønn er konkurransedirektør i Norges Fotballforbund.

Foto: NRK

Ein gjennomgang NRK har gjort viser at kvinner er kraftig underrepresentert i styra i toppklubbane på Sørlandet. I lovverket til forbundet står det at kvinner skal vere representert i styra.

Styresamansetjing i klubbane:

  • FK Jerv: 8 menn – 0 kvinner
  • IK Start: 5 menn – 3 kvinner
  • Arendal Fotball: 5 menn – 2 kvinner
  • Amazon Grimstad: 6 menn – 2 kvinner

Får nei frå kvinner

– Det er for få. Vi jobbar heile tida for å få kvinner inn i styret. Vi merkar at det er generelt vanskeleg å få inn kvinner i styret, men vi har eit heilt klart mål å auke kvinnedelen til minst halvparten, seier styreleiar i Amazon Grimstad, Per Eirik Heimdal.

1. divisjonsklubben driv berre med jentefotball.

Likevel er mennene kraftig overrepresentert i styrerommet.

– Vi har spurt fleire, men opplever at mange seier nei. Fleire har meldt interesse for å delta i styrearbeid, men kanskje ikkje akkurat på dette tidspunktet. Nokre kjem frå andre verv og vil ha ein pause frå slikt arbeid, seier han.

Ingen kvinner i Jerv-styret

«Verstingen» blant toppklubbane på Sørlandet er FK Jerv, som ikkje har ei einaste kvinne i styret. Det forklarar styreleiar Per Gunnar Topland blant anna med at dei er ein «guteklubb».

Per Gunnar Topland

Per Gunnar Topland går på eit nytt år som styreleiar i FK Jerv.

Foto: Odd Rømteland / NRK

– Vi har ikkje jenteavdeling. Eg trur det har noko med det å gjere også, seier Topland.

Ifølgje styreleiaren er 95 prosent av medlemsmassen i klubben menn eller gutar.

– Vi har ei handfull kvinner som er medlemmar. Slik er livet per i dag, seier han.

Topland viser blant anna til at klubben har det dei kallar ei «mammagruppe», som er med på å arrangere heimekampane til 1. divisjonsklubben. Men ifølgje Topland er eit fåtal av desse medlem i klubben. Dermed kan dei heller ikkje sitte i styret.

– Det er rundt 30 kvinner som gjer ein fantastisk innsats. Men for å bli spurt om styreverv i alle klubbar må du også vere medlem, seier Topland.

– Utruleg viktig

Fisketjøn i Norges Fotballforbund meiner det er viktig å få kvinner inn i styra.

– Det er eit betydeleg antal jenter som spelar fotball. Då er det viktig at dei også er representert i styra. Kjønn bringar med seg ulik kompetanse inn i styra, seier han og får støtte av styreleiaren i Amazon Grimstad.

– Det er utruleg viktig å ha ulikt kjønn, ulik bakgrunn og livserfaring. Ein får betre diskusjonar på styremøta, og ein får belyst saker frå ulike vinklar. Det er utruleg viktig når ein skal ta ei avgjersle, seier Heimdal.

Red. anm. Rettet fra seks til sju kvinner i styrane, da det viste seg at Start har tre kvinner i styret, ikkje to.