Hopp til innhold

Ber helseministeren rydde opp

Audun Lysbakken (SV) er kritisk til at pasientar som har fått uforsvarleg behandling risikerer å ikkje få vite om det.

Leder i SV Audun Lysbakken

SV-leiar Audun Lysbakken.

Foto: Bøe, Torstein / NTB scanpix

– Vi kan jo ikkje ha det slik at det er berre opp til den som har gjort feil å rydde opp etter seg. Då risikerer vi at folk aldri får beskjed. Dette blir rett og slett for dumt, seier Lysbakken til NRK.

Mellom 2003 og 2013 behandla Fylkesmannen i Vest-Agder til saman 12 tilsynssaker og klager mot ein fastlege på Sørlandet.

38 pasientar behandla uforsvarleg

Fleire av sakene gjekk mellom anna på samhandling med anna helsepersonell, handtering av prøvesvar, utskriving av vanedannande legemiddel, henvisningar og journalføring.

I sommar valde Statens helsetilsyn å avgrense legen sin autorisasjon. Dei gjekk gjennom 70 journalar og to konkrete pasientklager og konkluderte med at 38 pasientar vart behandla uforsvarleg. Fastlegen jobbar ikkje lenger som fastlege no.

I etterkant av dette har pasient- og brukarombod Eli Marie Gotteberg spurt helsetilsynet om kven som skal informere pasientane om at dei har fått uforsvarleg behandling.

Utfordrar helseministeren

Som svar fekk ombodet at Helsetilsynet ikkje har plikt til å gje pasientar slik informasjon.

– Men pasientar som sjølv klagar til helsestyresmaktene vil bli informert, sa avdelingsdirektør i Helsetilsynet, Anne Myhr til NRK fredag.

Dette vil Lysbakken no ta opp med helseministeren.

– Eg tykkjer ikkje det kan halde fram slik. Eg vil utfordre helseministeren til å rydde opp. Dersom det trengst ei lovendring må regjeringa føreslå det for Stortinget, seier SV-politikaren.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,31 kr
Dyrest kl. 08 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,3 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %