NRK Meny
Normal

Mor og barn (3) påkøyrde i gangfelt

Eit tre år gammalt barn og mora er sende til sjukehus for sjekk etter å ha blitt påkøyrde i eit gangfelt.

Påkjørt i Flekkefjord

Skadeomfanget er førebels ikkje kjent etter at to personar vart påkøyrde i Flekkefjord sentrum.

Foto: Lars Eie/NRK

Ifølgje Siv Helen Tveit ved lensmannskontoret i Flekkefjord i dei to lettare skada.

– Dei er køyrde til sjukehus etter å ha blitt påkøyrde i eit fotgjengarfelt. Ifølgje opplysningane eg sit på skal dei vere lettare skada, seier Tveit til NRK.

Ulykka skal ha skjedd ved Leiknes like aust for bybrua i Flekkefjord sentrum.

Politiet er på staden og vart varsla om ulykka ved 8.20-tida tysdag morgon.

Tveit opplyser at politiet vil etterforske saka.

Føraren av bilen, ei kvinne på 69 år, har fått førarkortet sitt beslaglagt.

Gangfelt i Flekkefjord

Dei to vart påkøyrde i eit gangfelt i Flekkefjord sentrum.

Foto: Lars Eie/NRK