Hopp til innhold

Barn fann rifle like ved skulen

Tre barn i Farsund fann ei rifle då dei var på veg heim frå skulen. 3.-klassingane fann rifla like ved skulen.

Fann rifle ved skulen

Dei tre gutane fann denne rifla like ved skulen sin i Farsund.

Foto: Christine Løvendahl Nodeland

– Rifla vart funne rett ved vegen. Der går jo barn heile tida. Det er litt skummelt, seier Christine Løvendahl Nodeland til NRK.

Dei tre 3.-klassingane gjekk til nabohuset for å varsle vaksne om funnet. Nodeland sat ute på verandaen då gutane kom springande fredag ettermiddag.

Fann rifle ved skulen

Det vart også funne både pusseutysr og våpenkasse.

Foto: Christine Løvendahl Nodeland

– Dei fortalde at dei hadde funne eit gæver. Eg ringde typen min og politiet og tok med ungane opp til staden, seier ho.

Forsvann i innbrot

Politiet var opptekne med redningsaksjon på Lista der RS «Ægir» gjekk rundt to gonger etter å ha blitt teken av brottsjø.

Nodeland vart difor bede om å ta med rifla og levere den på lensmannskontoret.

– Det er nesten litt rart at den ikkje er funne tidlegare, sidan den låg like ved vegen.

Ifølgje Lister 24, som omtala saka først, vart rifla stole i eit innbrot i eit hus i Farsund sentrum 11. desember i fjor.

Hugsa ikkje kvar han hadde lagt rifla

Same dag vart ein mann pågripen. Men han klarte ikkje å forklare kvar han hadde gjort av rifla fordi han hadde vore rusa då han stal rifla.

– Etter det eg har fått opplyst var rifla litt rusten då den vart funne. Det kan godt vere at den har ligge på same staden heile tida frå innbrotet. Det er ikkje så langt frå der innbrotet vart gjort i sentrum og opp til skulen, seier politibetjent Benth Castberg på Farsund lensmannskontor.

Christine Løvendahl Nodeland er glad for at barna gav beskjed til vaksne om at dei hadde funne rifla.

– Eg er glad for at gutane som fann våpenet forstod at det kunne vere farleg, seier ho.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %