Hopp til innhold

Kva skjer hvis Baneheia-saka blir gjenopna?

I midten av februar får vi vite om Baneheiasaka blir gjenopna. Men kvifor har det tatt så lang tid, og kva skjer dersom saka blir gjenopptatt?

Siv Hallgren, Gjenopptakelseskommisjonen

Siv Hallgren med saksbunken til møtet i Gjenopptakelseskommisjonen

Foto: Tobias Prosch Simonsen

Kommisjonen som skal avgjere om Viggo Kristiansen skal få saka si opp på ny er no så godt som ferdig med si vurdering. Men resultatet er hemmeleg. No skal medlemmer og sekretariat formulere og grunngi vedtaket etter å ha drøfta saka på 12 heildagsmøte og fem andre møte. 18. februar får den dømte og dei pårørande vite konklusjonen på det sjuande gjenopningskravet.

– Det er ei omfattande sak, seier kommisjonsleiar Siv Hallgren.

Er det dissens i kommisjonen?

– Det kan eg ikkje uttale meg om.

Dei etterlatte har tidlegare sagt at dei syns det er opprørande at det tek så lang tid å avklare saka.

– Eg forstår at det er opprørande. Men det viktigaste er at vi har ein god og solid saksgjennomgang, seier Hallgren.

Siv Hallgren leder møte i Gjenopptakelseskommisjonen

Siv Hallgren leiar det digitale møtet i Gjenopptakelseskomisjonen. -Eg forstår at den lange saksbehandlingstida opprører dei etterlatte, seier ho

Foto: Tobias Prosch Simonsen / NRK

Ingen fellande bevis

Viggo Kristiansen og Jan Helge Andersen blei i 2001 dømde for valdtekt og drap på to jenter i Baneheia. Kristiansen blei dømd til 21 års forvaring, medan Andersen blei dømd til 19 år i fengsel.

Andersens DNA blei funne på åstaden. Han har tilstått, har sona ferdig, og slapp ut av fengsel i 2016.

Kristiansen har heile tida nekta. Det finst ingen tekniske fellande bevis mot han. Han har prøvd å få gjenopna saka ei rekkje gonger. Det er det sjuande gjenopningskravet som no er til vurdering.

Kommisjonen for gjenopptakelse av straffesaker

Gjenopptakelseskommisjonen på det første heildagsmøte om Baneheia i desember 2019.Frå venstre: Dag Jodaa, Elin Ramleth Østli og kommisjonsleiar Siv Hallgren, Timothy John Brannen og Arne Gunnar Aas

Foto: Terje Bendiksby / NTB

Ny rettssak

Det er fem medlemmer i Kommisjonen for gjenopning av straffesaker. På ei rekkje møte det siste året har kommisjonen vege for og imot.

Vilkåret for gjenopning er nemleg at det må kome fram vesentlege nye opplysningar som kan føre til frifinning eller lågare straff for Viggo Kristiansen.

Dersom kommisjonen meiner det er grunnlag for å gjenopne saka er det tre alternativ:

  1. Det blir ei heilt ny lagmannsrettssak i ein annan domstol enn den som avgjorde saka i 2002. Det blir vitneforklaringar, bevisframlegging, og prosedyre før retten avgjer om Kristiansen skal dømmast på ny eller bli frifunnen.
  2. Påtalemakta kan innstille på at det blir avsagt frifinnande dom utan forhandlingar i retten.
  3. Saka blir gjenopna, men Viggo Kristiansen kan trekke oppmodinga heilt fram til, og under ny hovudforhandling. I så fall blir dommen ståande.
Bua og hjemmet til Viggo Kristiansen

Politifoto av sykkelbua til Viggo Kristiansen der han hevdar at han var då dei to jentene blei drepne.

Foto: Politiet

Kan Andersen bli tiltalt?

Viggo Kristiansen blei dømt i to rettsinstansar etter ei samla vurdering av bevis og indisium. Det mest sentrale momentet var tilståinga og forklaringa til kameraten Jan Helge Andersen.

Retten la mellom anna vekt på at det var funne DNA-spor frå to menn på dei to drepne jentene. Retten la også vekt på at Kristiansen tidlegare hadde forgripe seg på to andre barn.

I gjenopningskravet og i bok, podkast og TV-serie blir det reist sterk tvil om grunnlaget for dommen. Viggo Kristiansens advokat Arvid Sjødin skriv at Jan Helge Andersen har drepe og valdtatt dei to jentene åleine.

Andersen bur no på hemmeleg adresse. Han vil ikkje uttale seg om saka. Det er ingen som talar hans sak når det gjeld påstandane i gjenopningsdokumenta og i media om at han har utført eit drap til i tillegg til det han er dømd for.

Dersom saka blir gjenopna må påtalemakta avgjere om Jan Helge Andersen skal stemnast som vitne, eller om det er grunnlag for fornya etterforsking og ny tiltale mot han.

Men i strafferetten og i Den europeiske menneskerettskonvensjonen er det eit sterkt vern mot å tiltale eit menneske for eit forhold som vedkomande allereie er dømd for.

Kravet er at det kjem fram heilt nye bevis, eller ei ny tilståing som tyder på at den dømde er skuldig i ei vesentleg grøvre straffbar handling enn den han allereie er dømd for.

Forlenga forvaring?

Viggo Kristiansen er dømd til 21 års forvaring. Det inneber at påtalemakta i løpet av kort tid også må avgjere om dei meiner det er grunnlag for å forlenge forvaringa.

Vilkåret for å forlenge er at påtalemakta meiner at Kristiansen framleis er ein fare for samfunnet.

Det blir også lagt vekt på korleis fangen har oppført seg i fengsel. Noko av det som talar for forlenga forvaring er at Viggo Kristiansen er dømd for å ha drapstruga ein fengselsbetjent på Ila Landsfengsel under fengselsopphaldet.

Ila fengsel og forvaringsanstalt

Viggo Kristiansen sonar ein forvaringsdom på 21 år på Ila

Foto: Odd Iversen / NRK
null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %