Hopp til innhold

– Han erkjenner at han er gjerningsmannen

Politiet veit ikkje hundre prosent sikkert kven den drapssikta mannen i Lyngdal er. No jobbar dei med å identifisere både han og offeret.

Pressekonferanse etter drap i Lyngdal

Sjå pressekonferanse om drapet i Lyngdal.

– Både den avdøde og sikta er av utanlandsk opphav. Identiteten er ikkje hundre prosent avklara. Politiet kan difor ikkje komme med ytterlegare opplysningar om avdøde eller den pågripne, seier politiadvokat Hellek Rue.

Politiet seier at mannen mest truleg ikkje kjem ifrå Sørlandet.

Dei jobbar no med å finne ut kvar han kjem ifrå og kven han er.

lnnrømmer drapet

Mannens forsvarar, Sveinung Søndervik Johnsen, opplyser til NRK at mannen har erkjent drapet i løpet av dagens tre timer lange avhøyr.

– Han har i avhør erkjent at han er gjerningsmannen, seier Johnsen.

Han opplyser at vedkommande er samarbeidsvillig, og at mannen seinere i dag skal undersøkes av en rettspsykiater.

Drap i Lyngdal

Krimteknikarar på åstaden måndag føremiddag.

Foto: Odd Rømteland/NRK

Etterlyser tips

Politiet er særs sparsommelege med opplysningar også kring drapsofferet, men NTB melder at det skal vere snakk om ein mann. Alder er heller ikkje kjent.

– Vi ynskjer heller ikkje å seie noko om korleis avdøde har blitt teke livet av, av omsyn til taktisk etterforsking, seier politistasjonssjef i Mandal, Leif Vagle.

Men politiet etterlyser tips frå folk som kan ha sett eller høyrt noko kring bustaden er drapet skjedde.

– Spesielt i tidsrommet søndag ettermiddag og kveld, seier Rue.

Politiet bar våpen

– Vi veit ikkje korleis gjerningsmannen har komme seg til Lyngdal. Vi er interessert i å høyre i vitne som kan ha sett personar med spesiell oppførsel, seier politiadvokaten.

Sveinung Søndervik Johnsen

Advokat Sveinung Søndervik Johnsen.

Foto: Per-Kåre Sandbakk/NRK

Ved midnatt natt til mandag fekk politiet melding om at ein person var skada i eit hus i Lyngdal.

– Meldinga framstod som uklar. Difor beslutta politet å væpne seg. Politiet var på staden kring 20 minutt etter at vi fekk meldinga, seier Rue.

Då politiet kom til staden var personen allereie død. Kort tid etter vart ein mann pågripen og sikta for drap.

– Sikta er sett i varetekt og vert førsøkt avhøyrt i løpet av ettermiddagen. Han er sikta for drap, seier politiadvokaten.

Fleire vitneavhøyr

Krimteknikarar frå politiet har gjort undersøkingar på staden både gjennom natta og mandag føremiddag.

– Vi har også danna eit etterforskingsteam som har starta vitneavhøyr og andre undersøkingar, seier politistasjonssjef i Mandal, Leif Vagle.

Den drepte vert send til obduksjon, opplyste politiet på pressekonferansen.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,31 kr
Dyrest kl. 08 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,2 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %