NRK Meny
Normal

Ba om julegaver på Facebook

«Janne» har ikkje råd til å kjøpe julegåver til barna sine. Ho bad om hjelp på Facebook og responsen har vore enorm.

Julepresang

«Janne» har fått mange ting til barna. Nokre av dei har ho pakka inn og hengt opp i julekalenderen.

Foto: Kari Løberg Skår/NRK

Julekort

Småbarnsmora frå Sørlandet fekk eit kort med 700 kroner i.

Foto: Kari Løberg Skår/NRK

– Folk har vore ute og handla og komme på døra med ferdig innpakka gåver, seier småbarnsmora frå Sørlandet.

Ho vil ikkje stå fram med namnet sitt av omsyn til dei to små barna.

«Janne» har lite pengar og har ikkje råd til å gje barna sine jula ho vil.

Ho har ikkje pengar til gåver, julepynt og mat som er sjølvsagt for dei fleste i jula. No har ho fått hjelp på Facebook.

Fekk kort med 700 kroner

Nettsamfunnet florerer av kjøp- og sal-sider. Det var på ei slik side ho bad om hjelp.

– Det var noko eg hadde tenkt på veldig lenge. Men så såg eg ei anna mor som bad om hjelp. Det fekk meg til å gjere det same, seier ho.

Responsen har vore overveldande. Folk har komme på døra med presangar til barna og pengar og ting ho kunne ha i julekalenderen til barna.

Ho har også fått eit kort frå nokon som ville hjelpe. Dei hadde ikkje brukte klede eller leikar som passa til barna til «Janne». Inne i kortet låg det i staden 700 kroner.

– Det stod at dei håpa at pengane kunne vere med på å hjelpe meg og barna mine til å få ei betre jul. 700 kroner er veldig mykje pengar for meg, seier ho.

Nordmenn kjem til å bruke kring 11,5 milliardar kroner på julegåver til barn denne jula. Totalt reknar Hovedorganisasjonen Virke med at vi vil handle for nesten 53 milliardar kroner. Det svarar til 10.350 kroner i snitt for kvar av oss.

Mange ber om hjelp

Småbarnsmora har berre ein deltidsjobb. Ho har gjort mykje for å få ekstrajobbar, men har førebels ikkje lukkast.

– Det er ekstra tøft inn mot jula. Vintertøy til barna er det viktigaste. Når ein skal handle julegåver er det ikkje så mykje att, seier ho.

Anna Rosseland er administrator i ei av dei mange kjøp- og sal-gruppa på Facebook. Ho stadfestar at mange ber om hjelp.

– For mange år sidan var det ikkje noko av dette. Det er særleg det siste året vi har sett at folk både spør om hjelp og at folk etterlyser nokon som treng hjelp, seier Rosseland til NRK.

Anna Rosseland

Anna Rosseland fortel av fleire har bede om hjelp på Facebook.

Foto: Kari Løberg Skår/NRK

– Vert sint av tanken

Rosseland har også opplevd at personar har gitt seg ut for å trenge hjelp, men i staden utnyttar folk som vil gi. Dei same gjenstandane som dei hadde fått gratis har dukka opp igjen på sida til sals.

– Eg kjenner at eg vert sint av tanken. At det går an å bruke ungane sine på slike ting. Å seie at ein treng det for ungane si skuld når dei ikkje gjer det og sel det vidare. Det øydelegg for mange andre, seier "Janne".

Denne veka kom ein person på døra med alt dei trengde for å lage peparkakehus.

– Ungane gliste frå øyre til øyre. Det hadde vi ikkje planar om å gjere i det heile. Å skulle lage peparkakehus med pynt kostar ganske mykje, seier ho.

– Dette viser kor mange gode folk det finst der ute, seier småbarnsmora.