Hopp til innhold

Avviser grove skuldingar

Quartfestivalen er dei einaste som ikkje går med på Hovefestivalen si akkordløysing, hevdar Hovefestivalen. - Feil, seier Arild Buli i Quartfestivalen.

Arild Buli

Arild Buli.

Foto: Berge, Asbjørn Odd / Asbjørn Odd Berge/NRK

Fædrelandsvennen skriv at Quartfestivalen er den einaste leverandøren som ikkje går med på Hovefestivalen si akkordløysing. Og festivalsjef Morten Sandberg går langt i å antyde at Quartfestivalen ynskjer å velte Hovefestivalen, og er sitert på følgjande på fvn.no:

- Stemmer ikkje

Morten Sandberg

Morten Sandberg

Foto: Tor Erik Schrøder / SCANPIX

- Eg har snakka med dei, og dei har gitt beskjed om at dei ikkje kjem til å godta akkordløysinga, seier festivalsjef Morten Sandberg i Hovefestivalen til fvn.no.

- Dei vil gå glipp av 5.705 kroner hvis dei godtek akkorden, så det seier seg sjølv at motivet er noko anna enn pengane. Dei har sagt at dei ikkje har noko interesse av å hjelpe oss, seier Sandberg.

Men eigar av Quartfestivalen, Arild Buli, avviser dette.

- Det stemmer ikkje. Utover det har eg ingen kommentar i denne saka på noverande tidspunkt, seier han til NRK Sørlandet.

Lite nøgde

I går vart Hovefestivalen begjært konkurs av Skatt Sør. Men dersom Hovefestivalen betalar det dei skuldar i skatt og meirverdiavgift, vil skatteetaten trekkje sine krav. Men no seier altså Quartfestivalen nei til å gå med på akkordløysing, ifølgje Sandberg. Hovefestivalen skuldar Quartfestivalen 16 300 kroner og vil ha tilbake alle pengane. Dersom Quartfestivalen takkar ja til ei akkordløysing Hovefestivalen kun måtte betale 10 505 kroner.

Rekninga skal vere på betaling på lån av nokre skilleveggar, som vart brukt backstage under årets Hovefestival. No fryktar Sandberg at dette kan velte Hovefestivalen, trass i at han i går lova at det blir Hovefestival også i 2009 .

Skal vurdere

- I praksis så kan det det. Vi har teke kontakt med dei andre leverandørane for å informere om situasjonen. Dei er mildt sagt lite nøgde når dei høyrer kvifor dei siste leverandørane ikkje vil godta akkord. Resultatet kan jo bli at dei andre leverandørane tapar veldig mykje pengar, seier Sandberg.

- Fins det ei løysing?

- Vi får ta ei vurdering i morgon, og så får vi sjå. Ei løysing kan vere at dei andre kreditorene godtek at Quart Service får betalt fullt ut, seier Sandberg.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,31 kr
Dyrest kl. 08 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %