Dette får Aust-Agder i statsbudsjettet

Her er oversikt over kva regjeringa føresler i statsbudsjettet for Aust-Agder.

Riksveg 9

Ferdigstilling av riksveg 9 er blant prosjekta som ligg inne i regjeringa sitt forslag til statsbudsjett.

Foto: Svein Sundsdal / NRK

Veg

  • E18: Det ligg inne pengar til å byggje midtrekkverk på strekningane Temse - Frivold og Stølen - Harebakken.
  • Riksveg 9: Det er sett av statlege midlar og bompengar til sluttfinansiering av prosjektet riksveg 9 Krokå - Langeid.

Utdanning:

  • Regjeringa vil bevilge 11,6 millionar kroner til studieplassar ved Universitetet i Agder. Totalt vil det bety ei auke på 155 studieplassar
  • Regjeringa føresler også 1,3 millionar kroner til fire nye stipendiatstillingar.
  • Regjeringa førsler å bevilge om lag 4,5 millionar kroner til eit nytt Vitensenter i Arendal.

Kultur:

  • Det vert føreslått ei auke på fire millionar kroner til ei ny museumseining. Her vil Aust-Agder kulturhistoriske senter, Grimstad bys museer og Setesdalsmuseet inngå.
  • Regjeringa føresler også at Kortfilmfestivalen i Grimstad kjem inn på statsbudsjettet frå 2014. Det vert føreslege ei auke på 1,5 millionar kroner til festivalen. Det betyr ei samla bevilgning på 2,8 millionar kroner.
  • Det er føreslege ei auke på 0,6 millionar kroner til Bomuldsfabrikens kunsthall. Tilskotet blir på 3,9 millionar kroner

Kommune/fylkeskommune:

  • Regjeringa føresler at tilskotet til Aust-Agder fylkeskommune for regional utvikling blir på om lag 42,81 millionar kroner i 2014.
  • Kommunane i Aust-Agder vil samla sett få ein nominell vekst i dei frie inntektene på 4,8 prosent.

Fengsel:

  • Regjeringa vil gå vidare med konseptval beståande av eitt eller to nye fengsel i Agder-fylka. Det skal vere ein samla kapasitet på inntil 300 plassar.

Anna:

  • Regjeringa vil auke bevilgninga til skogvern med 100 millionar kroner til 331 millionar kroner.