NRK Meny
Normal

Åtvarar mot speilglatte vegar

Politiet på Agder ber folk køyre særs forsiktig på grunn av glatte vegar i morgontimane.

Glatt veg

Underkjølt regn skapar glatte vegar over heile Agder.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Årsaka er underkjølt regn i heile Agder.

– Vi har fått klarvêr og gradestokken viser rundt null grader, eller litt kaldare. Då kan det fryse på mange stader, operatør ved Vegtrafikksentralen, Steinar Våsjø til NRK.

Mannskap er ute for å salte, men det vil ta tid å rekke over alle vegar, ifølgje politiet.

Ved 4-tida natt til laurdag køyrde ein personbil av vegen på E39 i Søgne. Ingen personar vart skada, men vegen skal ha vore særs glatt.

Det viste seg også at føraren av bilen var rusa. Vegen var sperra i vestgåande retning i ein liten periode.

Ifølgje Vegtrafikksentralen er faren for glatte vegar like stor på hovudvegane som på sidevegane i landsdelen.

– Folk må køyre etter forholda, seier Våsjø..

Laster Twitter-innhold