Hopp til innhold

Åtvarar mot falske pengesedlar

Politiet i Mandal fryktar at fleire falske pengesedlar er i omløp i distriktet.

Falske pengesedlar

SER DU SKILNAD? Den øvste seddelen er ekte medan den nederste falsk.

Foto: Signe Marie Rølland/Lindesnes

Sparebanken Pluss i Mandal fekk denne veka inn ein falsk 500-lapp, skriv Lindesnes.

– Vi fryktar at det er fleire falske pengar i omløp. Ofte ser vi at det kjem inn fleire samstundes. Men så vidt eg veit no har det ikkje komme fleire i Mandalsdistriktet i alle fall, seier fungerande politistasjonssjef i Mandal, Dag Helge Engeland til NRK.no.

Slo alarm

Politiet vart raskt kontakta då teljeapparatet i Sparebanken Pluss slo alarm. Seddelen kom frå ein butikk i regionen.

– Den falske seddelen var krølla saman, og difor kunne den med første augekast sjå ut som ein ekte seddel. Teljemaskina vår stoppar opp når den får falske pengar, seier banksjef Roy Møll til avisa.

Politiet i sørlandskommunen ber no folk vere på vakt mot falske sedlar. Spesielt folk som til dagleg jobbar med pengar bør sjå ekstra godt etter.

Falske pengar i fjor

– Det er ganske vanskeleg å sjå med det blotte auge at pengen er falsk, så ein må rett og slett vere påpasseleg når det først har dukka opp ein falsk seddel, seier Engeland.

Også i fjor var det falske sedlar i omløp i Mandal. Under Skalldyrfestivalen med tusenvis av besøkjande fekk politiet inn fleire meldingar om falske pengar. Då var det 1000-lappar som gjekk igjen.

– Det kom inn 20-30 meldingar i løpet av festivalen. Til slutt arresterte vi gjerningsmannen og han vart sikta for forholdet, seier Engeland.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %