Hopp til innhold

Vil gjere «alt» for å bli toppscorar

Start-spelar Ole Martin Årst og Rosenborg-spissen Rade Prica kjempar om toppscorartittelen i årets eliteserie.

Ole Martin Årst

TOPPSCORAR? Ole Martin Årst og Rade Prica kjempar om toppscorartittelen i siste serierunde. (Arkivfoto)

Foto: Schrøder, Tor Erik / SCANPIX

Rade Prica

Rade Prica

Foto: Alley, Ned / Scanpix

Begge står med 16 nettkjenningar før søndagens siste runde. Årst er særs sugen på å stikke av med tittelen årets toppscorar, og det på eit lag som allereie er klar for nedrykk.

– For å vere heilt ærleg, så hadde det faktisk betydd ein god del. Eg legg ikkje skjul på det. Ein spiss ynskjer å score flest mogleg mål. Slik situasjonen er no, ynskjer eg å nå til topps, seier Årst til ikstart.no.

Vil rappe straffe

Ifølgje nettstaden må vi 25 år tilbake i tid for å finne Start sin førre toppscorar i eliteserien, då Tore André Dahlum scora heile 20 mål.

– Eg kunne svært gjerne tenke meg å stå øvst på lista, og då vil det for alltid stå Start bak namnet. Då har vi i alle fall noko frå denne sesongen, seier han.

Nettstaden kjem med to moglege episodar Årst kan hamne i når Tromsø gjestar Sør Arena søndag. Han får spørsmål om han vil rappe ballen om Start får straffe på 3–0.

– Ja, leiar vi 3-0, så gjer eg heilt klart det, seier han.

Spelar mot nyeklubben

Den andre er om han vil «stele» scoringa til Espen Hoff dersom ballen trillar mot mål og han har moglegheit til å rekke ballen.

– Så spurtar eg. Espen har heldigvis bikka 10 mål, seier han.

Det vil uansett bli ein spesiell kamp for Årst søndag. Han spelar sin siste kamp i gult og svart. For spissen har allereie skrive under for Tromsø, søndagens motstandar. Det blir Årst sin tredje periode i Tromsø.

Samstundes kan Årst vere med på å stikke kjeppar i hjula for Tromsø i medaljekampen. Dersom Start slår Tromsø og både Brann og Odd Grenland skulle vinne, vil Tromsø bli nummer fire.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,05 kr
Dyrest kl. 21 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,2 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %