Hopp til innhold

Årst tilbake i storform

Etter to sesongar på sidelinja er Ole Martin Årst endeleg skadefri. Mot Sandefjord gjorde han comeback etter at han la opp i fjor.

Ole Martin Årst

SOLID: Ole Martin Årst leverte ein god kamp i comebacket.

Foto: Tor Erik Schrøder / Scanpix

– Det er utruleg godt at vi tek tre poeng. Vi har eigentleg full kontroll gjennom heile kampen, seier Årst til NRK.

Ole Martin Årst la eigentleg opp i oktober i fjor på grunn av skadeproblema. Men veteranen klarte ikkje å leggje skoa på hylla, og skreiv under ei eittårskontrakt med Start i vinter.

Mykje jobbing

– Det gjekk greitt i dag. Det var mykje jobbing, og eg har nok meir å gå på. Litt meir sprut i beina, så skal det nok bli bra, seier han.

Førre kamp for Årst var 22. mars i fjor. Han vedgår at det var spesielt å vere involvert i eliteseriekamp igjen.

– Det er merkeleg å stå oppi det igjen. Men det er utruleg artig og godt å få ein god start. Det er veldig tilfredsstillande akkurat no, seier han.

– Manglar prikken over i-en

Også trenar Knut Tørum var nøgd med spissveteranen.

– Eg spurte han då det stod att eitt kvarter av kampen. Ingen problem svarte han, ler Tørum.

– Det manglar prikken over i-en med ei scoring i dag. Men han vinn mykje duellar, spelar dei andre gode og gjer ikkje Sandefjord-stopparane fred, seier Tørum.

Og for dei som lurer - Årst merkar ingenting til skaden.

– Det kjennest veldig bra ut, smiler Årst.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,62 kr
Dyrest kl. 08 2,15 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %