Det heldt til siger i duellen med finske Tero Pitkämäki. Thorkildsen sette ny bestenotering i verden, og viser storform i EM-sesongen.
Thorkildsen sette i tillegg banerekord på Florø stadion. Den gamle rekorden var på 87,29 meter.
Nøgd spydkastar
– Eg er veldig nøgd, men må gje litt av æra for denne gode kastinga til dei flotte forholda. Sola skein, og vi hadde medvind. Det kan ikkje bli stort betre, sa Andreas Thorkildsen til NTB etter maktdemonstrasjonen.
Kristiansandaren mottok 5000 euro, som ein stemnesponsor hadde sett opp til den utøvaren, som kasta over 90 meter.
Sørlendingen hadde fire kast som var betre enn Pitkämäki, så sigeren var aldri truga. Finnen nådde 84,34 meter og lot seg imponere av rivalen.
– Eg må innrømme at Thorkildsen imponerte og overraska meg litt i dag. Han kasta veldig solid og bra, medan eg sleit med tekniske problem. Tilløpet stemte ikkje, og eg fann aldri nokon god rytme. Dette var ikkje min dag, sa Pitkämäki.
Trur på store lengder
Nyskapinga Diamond League er sesongens store mål denne sesongen, saman med EM i Barcelona.
Neste fredag kastar Thorkildsen på Bislett under Bislett Games.
– Med gode forhold på Bislett om ei snau veke, ser eg ikkje vekk ifrå at eg kan setje både norsk rekord og pers. Dersom forholda blir gode på Bislett og folk støttar meg, er eg i stand til å kaste verkeleg langt, sa Thorkildsen som har den norske rekorden på 91,59 meter.