Hopp til innhold

Arredondo med favorittstempel

Maria Arredondo frå Vennesla og låtskrivar Rolf Løvland frå Kristiansand får mykje skryt etter at dei gjekk vidare til den norske finalen i Melodi Grand Prix med sangen «The Touch».

Rolf Løvland og Maria Arredondo

FÅR SKRYT: Rolf Løvland og Maria Arredondo får skryt frå fleire etter at dei gjekk vidare til den norske finalen i Melodi Grand Prix med låta 'The Touch'.

Foto: Bjørn Erik Rygg Lunde / SCANPIX

Melodi Grand Prix-klubben på nrk.no er særs positive til både sangen og framføringa.

– Ei låt av topp Løvland-kvalitiet og det er i grunn veldig lite å setje fingeren på når det er snakk om Maria si tolking av denne låta. Trygg og flott framføring og fin kjole også, står det i bloggen.

Saman med Alexander Stenerud gjekk Arredondo vidare til finalen frå den andre delfinalen i Bodø . Sørlandet sitt andre håp, Venke Knutson, kvalifiserte seg til Sistesjansen 30. januar med sangen «Jealous Cause I Love You».

Maria Arredondo

GOD: Maria Arredondo får skryt frå fleire etter framføringa av 'The Touch' under delfinalen i Melodi Grand Prix i Bodø.

Foto: Hege Bakken Riise / NRK

Sammanlikna med Céline Dion

Også VG-kommentator Stein Østbø vart imponert over Arredondo.

– Det er neppe mange som er ueinige i at Maria Arredondo i går sang på seg eit favorittstempel, skriv han i ein kommentar i dag.

– Eg klarte heller ikkje å lausrive meg frå eit indre bilete av ein annan Grand Prix-vinnar då Maria Arredondo sang, nemleg Célin Dion. Likheten i stemme og til dels utsjånad er slåande. Etter at kanadiske Céline Dion vann for Sveits i 1988, flytta ho frå franskspråklege Quebec, tok engelskkurs i USA og skifta image radikalt. Sidan har ho selt over 100 millionar plater. Eg seier ikkje meir, skriv Østbø.

Til topps?

Dagbladet-kommentator, Anne Gunn Halvorsen, er mest oppteken av at balladene for første gang på fleire år var i fleirtal under fjorårets internasjonale finale, og at det kan vere ein fordel for Arredondo sitt bidrag, dersom ho skulle gå heilt til topps i den norske finalen.

– Bak Noreg og Alexander Rybak, kom Island med ein ballade framført av ei nordisk kvinne i blå gallakjole, blått lys og med utslått blondt hår og elegant cellist. I år er det ikkje utenkeleg at Europa stemmer noko slikt heilt til topps, skriv ho i ein kommentar.

Maria Arredondo

FAVORITT? Fleire meiner at Maria Arredondo blir ein av dei store favorittane også i den norske finalen i Melodi Grand Prix.

Foto: Lise Åserud / Scanpix

– Kan gå heile vegen

Også kulturmeldar i Fædrelandsvennen, Rune Lyngstad, har stor tru på at Arredondo kan vinne den norske finalen med «The Touch».

– På scena løfta Maria Arredondo låta opp eitt nivå med sterk vokal og flott framføring. Låta høyres litt gjennomsnittleg ut til å begynne med. Men den veks. Dette kan gå heile vegen og til deltaking i den internasjonale finalen, skriv han.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Hvem er NRKs nye ekspert? 00:45
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 23 1,14 kr
Dyrest kl. 07 1,48 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,6 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,4 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Feb 2023 – feb 2024
    + 6,3 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,5 %