Hopp til innhold

Arendal lærer av eliteserieklubb

Alt tyder på at Arendal Fotball spelar i 1. divisjon til neste år. Klubben er allereie i gang med å førebu sitt nye liv.

Sarpsborg 08

Arendal Fotball skal lære av Sarpsborg 08. Her feirar Sarpsborg-spelarar sigeren mot Lillestrøm i juli.

Foto: Nesvold, Jon Olav / NTB scanpix

Laurdag møtte representantar i Arendal Fotball leiinga i eliteserieklubben Sarpsborg 08 for å lære.

– Det er ein klubb som har inspirert oss på mange måtar. Dei starta som ein samarbeidsklubb i 2008 etter fleire forsøk på å få til eit toppfotballmiljø. Det er openbert at dei har gjort noko riktig, seier styremedlem i Arendal Fotball, Trond Madsen.

Trond Madsen

Trond Madsen er styremedlem i Arendal Fotball.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Også Arendal kan vise til ei rekkje forsøk på å få ein klubb i toppen utan å lukkast. Heilt til no.

Kan sikre opprykk

Arendal toppar si 2. divisjonsavdeling suverent med fem serierundar att.

Dersom Notodden avgjer poeng borte mot Ørn-Horten laurdag, kan sørlendingane sikre opprykket med siger mot Kvik Halden søndag.

– Alt kan skje, så vi tek ingenting på forskot, seier Madsen.

Men uansett korleis det går i helga skal mykje gå imot Arendal om det ikkje blir 1. divisjonsspel neste sesong.

I Sarpsborg vil dei blant anna høyre om korleis klubben klarte å vippe tradisjonsrike klubbar som Moss og Fredrikstad ned frå fotballtrona i Østfold.

– Fredrikstad har større publikumsoppslutnad og truleg minst like gode økonomiske føresetnader. Sarpsborg får mykje ut av ressursane og har klart å gjere ting som har gjort at dei har løfta seg over eiga matchvekt. Det er spennande å sjå kva dei gjer for å få mest ut av ressursane.

Knut Tørums første trening

Trenar Knut Tørum (t.v.) på treningsfeltet.

Foto: Arendal Fotball

– Fredrikstad skjerpar oss

Eit av svara arendalittane vil få er det «kjedelege», og kanskje det mest sjølvsagde svaret.

– Det viktigaste er å ikkje bruke pengar ein ikkje har. Ein må ha full kontroll på økonomien og bygge stein for stein, seier dagleg leiar i Sarpsborg 08, Espen Engebretsen.

Konkurransen med Fredrikstad ser Sarpsborg-sjefen utelukkande positivt på.

– Vi ser det ikkje som ei avgrensing, men derimot ei moglegheit. Fotballdistriktet blir sterkare og konkurransen held deg vaken og skjerpa.

– Arendal treng ikkje frykte konkurransen frå Jerv og Start?

– Nei. Det er ein styrke, seier Engebretsen.

Oppgradering for millionar

Også Trond Madsen meiner konkurransen med Jerv og Start er sunn for arendalittane.

– Det har vore inspirerande å sjå at Jerv har lukkast. Ser du at naboen kan få det til er det lettare å tru at ein sjølv kan få det til. ØIF Arendal er ei anna lokal suksesshistorie som har vore til inspirasjon og som vi har lært mykje av, seier han.

Klubben står føre store utfordringar dersom dei rykker opp. Bjønnes stadion må rustast opp. På lang sikt snakkar vi om tosifra millionar.

– Det er manglar både i garderobar, publikumsfasilitetar og ein del utfordringar med bana som må vere på plass til første helga i april neste år, seier han.

Sarpsborg

Sarpsborg 08 har etablert seg i eliteserien. Klubben ligg på 7.-plass i landets toppdivisjon.

Foto: Grøtt, Vegard Wivestad / NTB scanpix
null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %