NRK Meny
Normal

Arendal - Start 2-5 (1-1)

Arendal utlikna to gonger i cupkampen mot Start. Eliteserielaget viste styrke i andre omgang og sikra avansement til 2. runde i NM-cupen. Les høgdepunkta her.

Arendal - Start

KRIG: Kampen mellom Arendal og Start er i gang både på tribunen og på bana.

Foto: Håkon Eliassen/NRK

Arendal Fotball - Start 2-5 (1-1)

Bjønnes stadion, 2200 tilskodarar
0-1 Espen Hoff (45)
1-1 Frode Ruberg Kristiansen (45)
1-2 Mads Stokkelien (48)
2-2 Marius Bruun Henriksen (55)
2-3 Espen Hoff (63)
2-4 Espen Børufsen (65)
2-5 Ole Martin Årst (90)

————————————————————————————————————

⇒ Arendal yppa seg mot storebror frå vest, men eliteserielaget sikra sigeren i andre omgang, og går dermed vidare til 2. runde.

SLUTT

⇒ 2-5! Ole Martin Årst scorar Start sitt femte på straffespark på overtid

⇒ Arendal prøvar det dei kan. Nytt byte for heimelaget. Magnus Thorkildsen kjem inn for Phong Than Tran når det står att i underkant av ti minutt av kampen

⇒ Dette går mot avensement for dei gule og svarte. Rolf Daniel Vikstøl kjem inn for Christian Follerås. 15 minutt att av kampen

⇒ Nytt byte på Arendal. Terje Pedersen kjem inn for Tor Erik Kristiansen

⇒ Bård Borgersen kjem inn for Avni Pepa

⇒2-4! Start ser ut til å sikre sigeren i Arendal. Espen Børufsen scorar Start sitt fjerde. Stolpe inn

⇒ Fredrik Strømstad kjem inn for Olufemi Oladapo for Start

⇒ Arendal nektar å gi seg, og går rett i angrep. Glenn Rune Olsen kjem inn for heimelaget. Ut går Tore Erik Skeimo Løvås

⇒ 2-3! Start går opp i leiinga igjen. Espen Hoff scorar sitt andre for dagen.

⇒ Bruun Henriksen har vore eit skikkeleg uromoment i Start-forsvaret gjennom heile kampen

⇒ 2-2! Arendal utliknar igjen. Fantastisk scoring av Bruun Henriksen. På heil volley drar Brunn Henriksen til i straffefeltet og utliknar

⇒ Start køyrer kampen på Bjønnes stadion no

⇒ 1-2! Mads Stokkelien sender Start i leiinga etter tre minuttar spel av andre omgang

⇒ Andre omgang er i gang!

Arendal - Start

JAMT: Arendal har utlikna to gonger mot Start!

Foto: Håkon Eliassen/NRK

————————————————————————————————————

⇒ Start tok ufortent leiinga. Arendal svarte direkte og utlikna fullt fortent til elleville jubelscener på tribunen. Heimelaget gjekk til pause med ståande applaus. Arendal har kjempa knallhardt gjennom heile første omgang.

PAUSE

⇒1-1! Arendal svarar med ein gang og utliknar på overtid i første omgang. Arendalittane gjekk rett i angrep og utlikna ved Frode Ruberg Kristiansen.

0-1! Espen Hoff sender Start i leiinga i siste speleminutt før pause

⇒ Det er god stemning på tribunene

⇒ Arendal-spissen Marius Bruun Henriksen skapar mykje uro å Start-forsvaret

⇒ Arendal er nær scoring etter 34 minutt. Tidlegare Start-spelar Morten Knudsen
bankar ballen i tverrliggjaren frå frispark

⇒ Arendalittane har hatt fem rimelig store sjansar den første halvtimen. Start har kun komme til ein

⇒ Arendal pressar på frå start

⇒ Kampen er i gang!

————————————————————————————————————

FK Arendal: Mathias leander Christensen - Morten Pettersen, Peder Jørgensen, Sondre Kollen, Jaran Jørgensen - Frode Kristiansen, Phong Than Tran (Magnus Thorkildsen inn 80.), Morten Knudsen - Tor Erik Kristiansen (Terje Pedersen inn 72.), Tore-Erik Skeimo Løvås (Glenn Rune Olsen inn 62.), Marius Bruun Henriksen

Start: Johnny Kristiansen - Espen Knudsen, Avni Pepa (Bård Borgersen), Christian Follerås (Rolf Daniel Vikstøl inn 76.), Espen Børufsen - Espen Hoff, Solomon Owello, Olufemi Oladapo (Fredrik Strømstad inn 62.), Christer Kleiven - Mads Stokkelien - Ole Martin Årst

Andre resultat:

Flekkerøy - Fram Larvik (5-0)
Søgne - Vinbjart (2-3)
Ålgård - Mandalskameratene (0-0)

Arendal - Start

Rundt 2500 tilskodarar har funne vegen til tribunene.

Foto: Håkon Eliassen/NRK

Det blir rapportert om rundt 2500 tilskodarar på Bjønnes stadion i Arendal. 3. divisjonsklubben ligger for øyeblikket på 10. plass i 3. divisjon avdeling 5.

På tribuna syng Start-fansen «Ett Agder - Ett sykehus!» og gir dermed eit lite stikk til arendalittane som har kjempa for sjukehuset i byen.

Tidligere Start-spelar Morten Knudsen er spelande trenar for arendalsklubben.

– Det blir spesielt å møte gamle kjende som til dømes assistenttrenar Frode Fredriksen. Eg gler meg stort, seier Knudsen til NRK.no før kampstart.

– Kva seier du dersom det vert ei cupbombe her i dag?

– Nei, då byrjar vi å tenkje på kven vi får i andre runde, ler Knudsen.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.