Ein 22 år gammal tilsett er hardt skadd og send til sjukehus etter ei arbeidsulukke i Dyreparken i Kristiansand laurdag morgon.
Laurdag føremiddag opplyser Sørlandet sykehus at mannen er frakta vidare til Ullevål sykehus.
Det skal ha vore ein eksplosjon i ein grill som forårsaka skaden.
Ulukkesområdet stengt
To andre tilsetje er sendt til legevakt med lettare skader.
Administrerande direktør i parken, Per Arnstein Aamot, opplyser at ulukka skal ha skjedd i nærleiken av inngangen til Kaptein Sabeltanns verden.
– Ulukka skjedde i forbindelse med oppstart av ein grillstad, seier Aamot.
Ulukkesområdet er no stengt for publikum og det gjerast undersøkingar på staden.
Arbeidstilsynet varsla
Aamot har opplyst til NTB at beredskapsgruppa i Dyreparken samlast laurdag formiddag. Dei pårørande til dei skadde er varsla.
Operasjonsleiar i Agder politidistrikt, Sverre Birkeland, opplyser om at Arbeidstilsynet er varsla. Hendelsesforløpet er førebels er uvisst.
Ifølgje Birkeland har folk frå kriminalteknisk avdeling arbeidd på staden.
Ein tipsar informerte VG om at dei tidleg laurdag morgon høyrde eit kraftig smell frå Dyreparken.
– Vi satt på Noas Ark-hotellet då vi høyrde eit kraftig smell, før vi såg ein hektisk aktivitet på den andre sida av vatnet, seier tipsaren til avisa.
Ulukka skjedde før parken var opna for dagen, som er klokka 10.00.
Saka oppdaterast.