Hopp til innhold

MDG vil skrote 36 nye vegprosjekt: – Uaktuelt, seier Ap og Sp

Arbeiderpartiet og Senterpartiet lovar at det vert bygd fire felts E18 og E39 heilt frå Stavanger til Oslo. – Vi gjer oss ikkje avhengig av MDG i desse spørsmåla, seier Sps toppkandidat i Agder.

Sjå debatten om vegutbygging.

Dei to partia kan måtte samarbeide med MDG for å få fleirtal etter valet.

Det kan by på utfordringar.

Under ein direktesend debatt i Flekkefjord torsdag var MDG klinkande klare på at nye vegprosjekt skal stoppast.

– Vi skal stoppe og skalere ned 36 store prosjekt i landet, sa MDGs toppkandidat i Agder, Oda Sofie Pettersen.

Det inneber mellom anna planane om å fullføre bygging av fire felts veg på E18 og E39 mellom Oslo og Stavanger.

– Dette set nye prosjekt i fare, sa Kjell Ingolf Ropstad som er KrFs toppkandidat i Agder.

– Skal bygge nye vegar

Men både Sp og Ap avviser at det er aktuelt å stoppe bygging av ny fire felts veg mellom Oslo og Stavanger.

Det pågår allereie bygging av ny veg mellom Kristiansand og Mandal. Denne står klar neste år.

Planen er å halde fram bygging vestover mot Stavanger, og austover mot Oslo.

– Vi skal bygge nye vegar. Ropstad si bekymring er det ingen grunn til. Vi gjer oss ikkje avhengig av MDG i desse spørsmåla, sa Gro Anita Mykjåland (Sp).

Også Kari Henriksen (Ap) lovar at nye vegprosjekt ikkje blir stoppa.

– Ropstad har ein tendens til å bli veldig bekymra. Han er bekymra heile tida. Men KrF hyllar utbygging utan å ta atterhald når det gjeld naturomsyn, sa ho.

Oda Pettersen, Gro Anita Mykjåland og Kari Henriksen

MDGs Oda Sofie Pettersen (f.v.) vil stoppe 36 vegprosjekt i landet. Det seier Gro Anita Mykjåland (Sp) og Kari Henriksen (Ap) er uaktuelt.

Foto: Jon Anders Møllen / NRK

Vil evaluere Nye Veier

Henriksen er klar på at vegselskapet Nye Veier skal vidareførast. Men ho vil evaluere selskapet.

– Vi vil evaluere Statens vegvesen og Nye Veier. Men vi skal ikkje legge ned og stoppe utbygging, sa ho.

Frps toppkandidat Gisle Meininger Saudland gjekk til åtak på Arbeidarpartiet under debatten.

– Vi hadde ein motorvegplan på 60-talet. Etter det vart det knapt bygd ein meter motorveg på Sørlandet vest for Kristiansand. Då Frp kom i regjering i 2013 sa samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen at ein skulle droppe alle planar om to og tre felts vegar. Vi godtek ikkje anna enn fire felt.

– Dette handlar om god og sikker veg. Vi fortener gode vegar til våre barn og kommande generasjonar, sa han.

Mozell-ordføraren spanderte brus

Debatten i Flekkefjord fekk ei humørfylt avslutning. Programleiar Kristen Munksgaard avslutta debatten med å fortelje at deltakarane ikkje fekk honorar for å delta.

Men han meddelte ordføraren i Flekkefjord spanderte brus på alle dei ni toppkandidatane.

Ordførar Torbjørn Klungland si «smugdrikking» av brus, under eit intervju med statsminister Erna Solberg, har fått stor merksemd denne veka.

Har du ikkje sett klippet? Sjå det her:

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 04 1,61 kr
Dyrest kl. 07 3,12 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %