Hopp til innhold

Slik forsøkte sjukehusdirektøren å roe ned lokalbefolkninga

Sjukehusdirektør Jan Roger Olsen meiner at sjukehuset i Flekkefjord må ha alle funksjonar fram til år 2030.

Jan Roger Olsen

Sjukehusdirektør Jan Roger Olsen på folkemøtet i Ueneshallen.

Foto: Lars Eie/NRK

Olsen har ikkje levert si innstilling i sjukehusdebatten, men gjekk langt i å frede sjukehuset i Flekkefjord dei neste 16 åra.

– Alt indikerer at sjukehuset må vere eit velfungerande sjukehus fram til 2030, sa sjukehusdirektøren på folkemøtet i Ueneshallen i Flekkefjord torsdag kveld.

På ein stor konferanse i januar la ei prosjektgruppe fram sitt forslag for sjukehustilbodet fram til 2030. Der vart det føreslått eitt sjukehus i Agder. Dette har ført til at mange fryktar at sjukehuset i Flekkefjord blir lagt ned.

Nær 5000 i fakkeltog

I si tale torsdag påpeika Jan Roger Olsen mellom anna at det er viktig å ha eit velfungerande fødetilbod på sjukehuset. Om lag 100 av fødslane som skjer ved sjukehuset årleg er rogalendingar som føder.

Om lag 800 personar var samla i Ueneshallen i Flekkefjord til folkemøtet. Tidlegare torsdag kveld deltok nær 5000 menneske i fakkeltog for sjukehuset i Flekkefjord.

– Befolkninga ynskjer nærleik til sitt sjukehus. Vi meiner at det er betre enn å ha spesialistar på alle nivå. Sjukdom er så mykje forskjellig. Når det gjeld til dømes fødetilbod er ikkje det ein sjukdom. Dei kan utmerkt føde på eit lite sjukehus, seier leiar i aksjonsgruppa for sjukehuset i Flekkefjord, Sigmund Kroslid.

NRK oppdaterer saka.

Nær 5000 deltok i fakkeltog for sykehuset i Flekkefjord

VIDEO: Sjå video frå fakkeltoget i Flekkefjord torsdag kveld.

Sykehuskamp i Flekkefjord

VIDEO: Sjå video frå folkemøtet i Flekkefjord torsdag kveld.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,31 kr
Dyrest kl. 08 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %