Hopp til innhold

Nytt anonymt milliondryss på Sørlandet: – Tårene trillar

I løpet av to dagar har det dukka opp to anonyme brev med millionbeløp til ei kyrkje og ein organisasjon i Kristiansand.

Vågsbygd kirke får ein million kroner

Vågsbygd kirke i Kristiansand tok imot dette brevet. Der står det at kyrkja skal få ein million kroner.

Foto: Privat

– Tårene trillar av takknemlegheit og glede over rausheten som finst blant oss. I ettermiddag fekk vi ein anonym gåve til Blå Kors Kristiansand på 2 millionar kroner!

Det skriv Blå Kors på si Facebookside etter å ha teke imot eit anonymt brev. Brevet er handskive over to A4-sider.

Blå kors millionbrev

Dette handskrivne brevet kom til Blå Kors i Kristiansand. Der står det at organisasjonen skal få 2 millionar kroner.

Foto: Privat

– Millionar takk

Søndag dukka det opp eit nytt brev. Denne gangen var det Vågsbygd kirke som fekk eit liknande brev.

– Det er utruleg inspirerande for heile miljøet. Raushet er gull og det smittar, seier sokneprest Nils Terje Andersen til NRK.

Kyrkja kan gå inn i eit nytt år med ein million anonyme kroner på konto.

Dei har hatt mykje fokus på å lage varme og gode fellesskap for barn og unge, men økonomi har skapt utfordringar.

Dei er spesielt opptekne av at aktivitetar ikkje skal koste noko for barn og unge.

– Men akkurat mens vi no desse dagane merka at draumane kanskje var større enn økonomien tillot, kom dette julebrevet. Millionar takk for raushet, skriv kyrkjelyden på Facebook.

– Skal ikkje stå på pengar

– Dette gjer oss moglegheit til å vidareføre nye planar til beste for barn og unge i Vågsbygd, seier dagleg leiar i Vågsbygd kirke, Per Gunnar Pedersen.

– Vi vil skape rom som er inkluderande. Det skal i alle fall ikkje stå på pengar om eit barn eller ein ungdom kan vere med på ein aktivitet, seier Andersen.

Felles for begge breva er at gjevaren er oppteken av at barn og unge skal ha det bra.

Sokneprest Nils Terje Andersen

Nils Terje Andersen er sokneprest i Vågsbygd kirke.

Foto: Vågsbygdkirke.no

Skjedde også i fjor

Også i fjor ramla det inn anonyme brev i postkassa til tre ulike organisasjonar i Kristiansand.

Både Blå Kors Kristiansand, Frelsesarmeen og Vågsbygd kirke fekk pengar.

Blå Kors og Vågsbygd kirke har altså fått millionbeløp frå ein hemmeleg gjevar to år på rad.

– Dette er eit ekte julemysterium. Vi møter barnefattigdommen i kvardagen vi også. Det beste vi kan gjere no, er å opne fellesskapet endå meir og rekruttere fleire barn og unge til kyrkja, sa sokneprest i Vågsbygd, Nils Terje Andersen i fjor.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,31 kr
Dyrest kl. 08 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,3 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %