Det er anarki som rår på sjøen i Flekkefjord.
Det seier to pensjonerte politimenn som mener det er et tidsspørsmål før det skjer flere ulykker.
Dei har latt seg skremme av at folk ikke har respekt for regelverket, men meiner politiet må ta skylda for at det har blitt så ille.
Ingen politibåt
Før leigde politiet inn båt til å patruljere til sjøs. No er det politibåten i Mandal som har ansvar for Flekkefjord, men her har den ikkje vore i heile år.
Dette fører til at det ikkje er nokon risiko for at dei som bryt reglane på sjøen vert tekne.
Vanleg at båtfolk drikk
Eit anna problem er båtkjøring med promille.Søren Marius Treland jobber på Hotel Maritim, ein populært skjenkestad. Han seier det er vanleg at båtførarar drikk.'
Vart provosert
Dei to politimennene Hans Greger Årnes og Arne Bjelland, som for halvanna år sidan arbeida saman i politiet i byen, har latt seg provosere av leiarane i politiet på Agder. Både dei sentrale i distriktet og dei lokalt i Lister-regionen.
Dei reagerte sterkt på måten Anne Margrethe Ruud skildra situasjonen med manglande politibåt på i Sørlandssendinga i førre veke.
Stortingsrepresentant Anne Margrethe Larsen frå Venstre reagerer kraftig på uvettig båtkøyring og lovløse tilstander i Flekkefjord-skjærgarden.
Nå tek ho saka opp i eit brev til justisminister Knut Storberget.