– Dessverre trur eg ikkje det blir så mildt som i oktober seinare i vinter. Kraftig vindproduksjon og nesten eit historisk mildvêr for årstida, er ein kombinasjon som gir svak pris, seier Olav Johan Botnen, seniorrådgjevar i Volue Insight til NRK.
Mykje nedbør, fall i europeiske gassprisar og høge temperaturar, har ført til at straumprisen er lågare enn på lenge.
I oktober var spotprisen gjennomsnittleg 1,32 kroner i Oslo, ifølgje tal frå kraftbørsen Nord Pool.
Til samanlikning var ho på 3,51 kroner i august og 3,55 kroner i september.
Likevel er det ingen grunn til å avblåse straumpris-krisa, ifølgje kraftanalytikarar.
Ventar kortvarig effekt
Analytikar Tor Reier Lilleholt i det same selskapet, seier prisane på langsiktige kraftkontraktar tyder på at straum vil koste cirka det same som no i ei vekes tid.
Deretter ventar marknaden ein betrakteleg prisauke fram mot nyttår.
– I januar og februar ventar marknaden at prisen vil liggje mellom 3,5 og 4 kroner, seier han til NTB.
Han påpeikar også at gass har vorte billigare i Europa den siste tida, fordi høge temperaturar har ført til lågare straumforbruk.
Viss temperaturane blir meir normale, trur Lilleholt at gassprisen og dermed også straumprisen raskt vil stige til cirka same nivå som var spådd før magasinfyllinga auka.
Analytikarar spår høgare straumpris seinare i vinter.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTBKan bli annleis
Framtidig straumpris er likevel vanskeleg å anslå, poengterer han.
– Det kjem an på vêret. Dei som får rett no, kan slå seg på brystet, men dei tek sannsynlegvis feil neste år, seier han.
Selskapet til Lilleholt, Volue Insight, ventar prisar noko under kva det kostar å kjøpe kontraktar fram i tid.
– Vi ligg i underkant av 3 kroner for januar og februar – i alle fall cirka 50 øre under marknaden, seier han.
Han meiner usikre framtidsutsiktene driv opp prisen på langtidskontraktane.
– Det er til dømes mange fabrikkar som ikkje toler prisar på 5–6 kroner. Dei kjøper no sjølv om dei trur prisen blir lågare seinare, seier han.
NVE: – Gode nyheiter
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) meiner kraftsituasjonen vil bli betre enn det tidlegare har vore grunn til å vente.
– Ein varm og våt haust var akkurat det vi trong i år. Det er gode nyheiter for magasinfyllinga og kraftsituasjonen denne vinteren, sa direktør Inga Nordberg i NVEs konsesjonsavdeling i ei pressemelding onsdag.
Ho påpeikar at fordi kraftprodusentane har hatt låg produksjon i det siste, og spart på vatnet, tek det tid før magasinfyllinga blir svekt.
Førre veke auka magasinfyllinga i det sørlege Noreg med 1,9 prosentpoeng, og dei siste fem vekene har auken vore på 14 prosentpoeng.
NVE skriv at Noreg sjeldan har opplevd ein så kraftig auke i magasinfyllinga som vi har sett i oktober.