Hopp til innhold

Nytt Amazon-tap: – Vi slepp inn dritmål

Amazon Grimstad gjekk på sitt 8. tap for sesongen då dei tapte 1–2 mot Vålerenga søndag.

Amazon Grimstad

Amazon Grimstad tapte 1–2 mot Vålerenga. (Arkivfoto)

Foto: NRK

– Vi er ikkje aggressive nok defensivt og slepp inn to dritmål. Vi hadde mange sjansar mot slutten, så det er synd at vi ikkje klarte å få ballen i bål, seier Amazon-spelar Mariken Kleppe til NRK.

Det starta bra for Amazon då Silje Blakstad sende laget i leiinga berre to minutt ut i oppgjeret. Men Mina Kjørum og Johanne Fridlund putta kvart sitt mål for Vålerenga kort tid etter.

Grimstad-klubben står no med fem strake kampar utan siger. Sist laget vann var 16. mai borte mot Grand Bodø. Då vann sørlendingane 2–1.

Dårleg stemning i troppen

– Det er ikkje tvil om at vi har heva oss dei siste kampane. Vi er mykje tryggare enn vi var i starten. Det går i alle fall i riktig retning, seier 16-åringen.

Vi har det kjipt, og stemninga er ikkje veldig bra

Mariken Kleppe, Amazon-spelar

Dei grønkledde ligg nest sist på tabellen, som betyr kvalifiseringsplass. Avstanden opp til Medkila, på sikker plass, er no på fire poeng.

Før sesongen sa klubbleiinga at dette skulle bli sesongen der laget tok steget vekk frå botnstriden. Slik har det definitivt ikkje blitt, i alle fall ikkje førebels. Klubben har allereie signalisert at dei vil hente inn forsterkningar i sommar.

Kleppe vedgår at stemninga er laber i laget.

– Vi har det kjipt, og stemninga er ikkje veldig bra. Men vi prøver å støtte kvarandre og vi skal kjempe vidare, så satsar vi på at det går bra, seier ho.

I fjor måtte Amazon Grimstad ut i kvalifisering for å sikre vidare spel i Toppserien. Laget slo Sarpsborg over to kampar.

– Vi skal snu dette

– Vi har absolutt tru på at vi skal klare å snu trenden. Vi har ikkje lyst til å ende i botnen, som i fjor, seier ho.

Mariken Kleppe vert rekna som eitt av dei største talenta i norsk kvinnefotball. Ho har mellom anna vore kaptein på J17-landslaget, før ho kom til Grimstad i vinter.

– Det har vore veldig gøy, men og veldig kjipt, i og med at det har blitt så mange tap. Eg føler det har vore ei fin utfordring og føler eg har fått utvikla meg bra, seier Kleppe.

– Spel i Toppserien har gjort meg mykje tryggare og eg har fått kjenne på tempo. Det er litt høgare i Toppserien enn med J17-landslaget, seier ho.

I neste serierunde skal Grimstad-klubben til Rogaland for å møte Avaldsnes, før botnkollega Medkila kjem på besøk til Levermyr stadion i starten av juli.

Laster innhold, vennligst vent..
null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %