Hopp til innhold

Amazon sikra kvalik: – Vi er veldig letta

Amazon Grimstad slo Medkila 3-1 på bortebane. Det betyr at laget er sikra kvalifisering om vidare spel i Toppserien for kvinner.

Amazon Grimstad jubler

Amazon Grimstad skal spele kvalifisering for andre året på rad.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Vi er veldig letta og veldig glade for at vi slepp seriefinalen mot Grand Bodø om to veker, seier assistenttrenar Jahn Robert Holmgren til NRK.

Klubben hadde ikkje vunne ein Toppserie-kamp på 53 dagar før dei slo Harstad-klubben Medkila søndag.

Tre mål på 16 minutt

Før oppgjeret låg sørlendingane berre eitt poeng føre botnkollega Grand Bodø. Men med siger, samstundes som Grand Bodø tapte 1-2 heime mot Arna-Bjørnar sikra Amazon kvalifisering om spel i Toppserien også neste sesong.

I søndagens oppgjer mot Medkila gjekk Amazon knalltøft ut, noko som resulterte i tre scoringar før 20 minutt var spelt.

– Vi fekk ei utløysing offensivt. Første 25 minutta av første omgang var veldig, veldig bra. Dei hang ikkje med i det heile. Mykje av det vi har jobba med i det siste kom fram. Eg trur vi sjokkerte Medkila litt, seier han.

Det betyr at siste serierunde mot Grand Bodø på Levermyr ikkje har noko betydning. I kvaliken møter Amazon anten Sarpsborg 08 eller Urædd.

– Det er det same for oss kven vi møter. Vi veit kva som ventar oss, seier assistenttrenaren.

Fekk trøbbel i kvaliken i fjor

Amazon møtte nettopp Sarpborg 08 i kvaliken i fjor. Då tapte dei heimekampen, men vann i Sarpsborg og overlevde dermed i Toppserien.

Denne sesongen vart Amazon slått ut av cupen mot 1. divisjonslaget Urædd.

– I cupkampen kvilte vi ni av spelarane våre. Eg trur dei to laga er ganske jamne. Det skal mykje til for at vi rotar det til som i første kamp i fjor. Men kampane skal spelast og vi må gjere jobben skikkeleg, seier Holmgren.

Laster innhold, vennligst vent..

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,62 kr
Dyrest kl. 08 2,15 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %