I november fekk fotballklubben innvilga Norsk klubblisens, men med forbehold om å kunne oppfyller nokre tilleggskriterie.
– Amazon Grimstad har per 31.12.2009 fått i orden alle krav til lisens til vidare spel i Toppserien for kvinner i 2010, skriv styreleiar Hans Inge Sævareid i Amazon Grimstad i ei pressemelding.
All dokumentasjon vart gitt til forbundet innan fristen som er 14. januar 2010.
– Eigenkapitalen i klubben har betra seg i løpet av 2009, ved at drifta har gått med eit overskot. Den store utfordringa er å sikre grunnlag for langsiktig satsing som ein viktig aktør i norsk Toppfotball, seier han.
– Saman med styrka satsing på den sportslege prestasjonsevna, er dette styret sitt hovudmål for 2010, legg han til.