Motorsyklist omkom i ulykke

Ein motorsyklist omkom etter å ha køyrt inn i to parkerte bilar ved Frolands verk i Froland.

Ulykke i Froland

Føraren av ein motorsyklist omkom i ei ulykke i Froland torsdag ettermiddag.

Foto: Tipsar

Ifølgje politiet omkom føraren på staden.

Vegen var stengt i fleire timar etter ulykka, men vart opna igjen ved 19.30-tida torsdag kveld.

Vegen var stengd på grunn av tekniske undersøkingar.

Politiet fekk melding om ulykka klokka 15.37.

Ifølgje Agderposten har vitne fortalt til poilitet at motorsyklisten køyrde inn i to parkerte bilar.