Hopp til innhold

Mann (34) alvorleg skadd etter brann

Tilstanden er alvorleg, men ikkje livstrugande, for ein mann (34) etter ein bustadbrann i Arendal torsdag.

Brann Høgedalsveien

Ein mann er send til sjukehus i Bergen etter ein brann torsdag.

Foto: Tipser

Mannen ligg no på Haukeland universitetssjukehus i Bergen der han får behandling.

Fredag føremiddag melder sjukehuset at mannen får behandling for alvorlege brannskadar.

Naudetatane rykte ut til huset ved 15-tida torsdag etter melding om brann. Politiet opplyste til NRK at mannen vart lagt i narkose kort tid etter hendinga som følgje av skadane.

Ifølgje politiet starta brannen i kjellaren i huset. Brannvesenet fekk raskt kontroll over flammane.

Politiet opplyser at det dreiar seg om ein kommunal bustad.

Brannårsaka er førebels ikkje kjent.

– Krimteknikarar er varsla og skal undersøke åstaden. Det vil mest truleg ikkje skje før etter påske, seier jourhavande politijurist Hellek Rue til NRK.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Sjimpanser på påskeeggjakt 00:55
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 02 0,87 kr
Dyrest kl. 20 1,48 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,4 kr 25 min.
  • Dusje 3,5 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,4 kr En vask
  • Varmeovn 0,9 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Feb 2023 – feb 2024
    + 6,3 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,5 %